Hopp til innhold

Tunnelsikring skapar strid på Stortinget

Ein kvart milliard til tunnelsikring er kutta frå statsbudsjettet. – Det betyr sjølvsagt ein del for kva me klarar å gjennomføre i 2015, seier Randi Harnes i Vegdirektoratet.

Vallaviktunnelen

NORSKE TUNNELAR TRENG VEDLIKEHALD: Her ser ein Vallaviktunnelen på riksveg 7 og riksveg 13, mellom Vallavik i Ulvik kommune og Kjerland i Granvin kommune. Tunnelen er ein av Noregs lengste vegtunnelar.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Vegane på Vestlandet er fulle av tunnelar, og mange av desse er ikkje trygge nok ifølgje nye krav frå EU. Heile 200 tunnelar må rustast opp innan 2019.

No er 245 millionar kroner til tunnelsikring kutta frå statsbudsjettet i budsjettavtalen mellom KrF, Venstre og regjeringa. Det skapar strid på Stortinget.

Janne Sjelmo Nordås, Senterpartiet

KRITISK TIL KUTTA: Stortingsrepresentant Janne Skjelmo Nordås (Sp).

Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde / NRK

– Ein kuttar i tunneltryggleik og til utbygging og vedlikehald, sa stortingsrepresentant Janne Skjelmo Nordås (Sp) til NRK i går.

Men KrF sin transportpolitiske talsmann Hans Fredrik Røvand er rivande ueinig.

– Faktum er at med dei pengane som er lagt inn i budsjettet for 2015, har vedlikehaldet på Vestlandet aldri har vore betre.

LES OGSÅ: Dette mørket møter bilistene i mange tunneler på Vestlandet

– Betyr mykje for kva me klarar å gjennomføre

Det kjem meir til tunnelsikring i 2015 enn det gjorde i 2014, men dette er altså 245 millionar mindre enn opphavleg føreslått i Statsbudsjettet.

Vallaviktunnelen

SKAL SIKRAST BETRE: Vegdirektoratet er alt i gong med å installere meir tryggingsutstyr i tunnelane. Men no må dei klare seg med ein kvart million mindre.

Foto: Geir Brekke

Vegdirektoratet er alt i gong med å installere meir tryggingsutstyr i tunnelane. Dei sette av éin milliard til dette arbeidet, men får no altso ein kvart milliard mindre enn budsjettert.

Og det er mindre enn det Vegdirektoratet og avdelingsdirektør Randi Harnes treng.

– Det betyr sjølvsagt ein del for kva me klarar å gjennomføre i 2015, seier ho.

No er tunnelsikringsarbeidet avhengig av endå meir pengar i 2016.

– Fristen for å vere klar med oppgraderinga er i april 2016, slik at viss me får tilsvarande meir i 2016 så er problemet mindre. Gitt at me får dei pengane me treng seinare.

LES OGSÅ: Mye dårligere sikkerhet i tunneler på fylkesveier