Hopp til innhold

Kutta 245 millionar til tunnelsikring i statsbudsjettet

Norske tunnelar treng vedlikehald. – Kutta i budsjettet sinkar oppgradering av tunnelar som må sikrast, seier stortingsrepresentant Janne Skjelmo Nordås (Sp).

Vallaviktunnelen

NORSKE TUNNELAR TRENG VEDLIKEHALD: Her ser ein Vallaviktunnelen på riksveg 7 og riksveg 13, mellom Vallavik i Ulvik kommune og Kjerland i Granvin kommune. Tunnelen er ein av Noregs lengste vegtunnelar.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Mange av tunnelane her i landet, og spesielt på Vestlandet, tilfredsstiller ikkje tryggleikskrava i nye direktiv frå EU.

Janne Sjelmo Nordås, Senterpartiet

RÅKAR TUNNELTRYGGLEIKEN: Stortingsrepresentant for Senterpartiet, Janne Skjelmo Nordås, meiner kuttet i budsjettet vil forsinke nødvendige tryggingstiltak i tunnelane.

Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde / NRK

No er 245 millionar kroner til tunnelsikring kutta frå statsbudsjettet i budsjettavtalen mellom KrF, Venstre og regjeringa.

Det betyr at ein kuttar til tunneltryggleik, til utbygging og vedlikehald av dei mange tunnelane me har i landet, seier stortingsrepresentant for Senterpartiet, Janne Skjelmo Nordås (Sp).

– Då får ein ikkje oppgradert tunnelane i det tempoet som er nødvendig for å gjere dei sikrare, meiner ho.

LES OGSÅ: Mye dårligere sikkerhet i tunneler på fylkesveier

– Den førre regjeringa har skulda

200 riksvegtunnelar på over 500 meters lengde har manglar. Innan utgangen av april 2019 må tunnelane som ikkje held mål, vere fiksa.

Helge Orten

– SATSAR PÅ VEG: – For fyrste gong på fleire tiår faktisk reduserer mevedlikehaldsetterslepet, meiner Helge Orten (H) i transportkomiteen på Stortinget.

Foto: Terje Reite / NRK

– Det er rett at veksten i budsjettet blei redusert med 245 millionar kroner, frå ein milliard til om lag 800 millionar, i budsjettforliket med Venstre og KrF, seier Helge Orten (H) i transportkomiteen på Stortinget.

Men det er den førre regjeringa som har ansvaret for dei elendige tunnelane på Vestlandet, meiner han.

Trass i kuttet på nesten ein kvart milliard, meiner Orten dei no aukar satsing på tryggingstiltak i tunnelar, og at vedlikehaldsetterslepet på riksvegane blir mindre.

71 omkomme i tunnelar dei siste ti åra

Frå 2003 til 2013 omkom 71 menneske i norske tunnelar. Orten seier regjeringa satsar mykje på å ruste opp riksvegane.

– For oss er det viktig å seie at i 2015 vil me satse på vedlikehald av riksvegane, som gjer at me for fyrste gong på fleire tiår faktisk reduserer vedlikehaldsetterslepet.

Senterpartiet meiner likevel det burde vore satsa meir på å sikra tunnelar på Europavegane.

– Vestlandet har mange tunnelar som treng oppgradering, både for å ivareta vedlikehaldet som er, men også for å gjere dei sikre nok til å tole den auka transporten me ser mellom dei ulike regionane, seier Skjelmo Nordås.

LES OGSÅ: Vegvesenet vil skrote 16 tunneler på E6