Hopp til innhold

Tungt kvalitetsstempel til hotell

Som einaste i Norge har fyrhotellet Kråkenes Fyr fått heiderleg omtale av reisehandboka Lonely Planet.

Kråkenes fyr i storm

FREDELEG: Kråkenes Fyr i storm kan vere avslappande, meiner Bettina Vick Bickhardt.

Foto: Merete Høidal / NRK

Hotellet er mellom åtte uvanlege hotell som Lonely Planet har omtala og rår sine lesarar til å oppsøke.

- Det er stor stas. Lonely Planet er ei viktig kjelde for reiselivet. Det betyr at folk vil leggje merke til Kråkenes Fyr både i inn- og utland. Det er rett og slett ei god marknadsføring, jublar Bettina Vick Bickhardt som driv fyrhotellet saman med ektemannen Thomas Bickhardt.

- Viktig omtale

Det er eit tungt kvalitetsstempel å bli lagt merke til av reiseguiden. Omtalen er også lagt merke til av amerikanske Huffington Post.

Bickhardt seier til nettsida driftig.no at dei allereie har merka auka besøkstal frå statane på heimesidene sine.

- Eg trur slik omtale er viktig. Det er faktisk veldig mange som les dette. Individuelle som er ute etter noko anna enn det masseturismen kan tilby, seier Bickhardt.

Viktig turistmål

Det gamle fyret i Vågsøy kommune vart oppretta i 1906. Like etter krigen stod eit nytt fyr ferdigbygd. Fyret vart automatisert i 1986 og avfolka i 1991. Nokre år seinare var det duka for kafé og seinare hotell. I dag har fyrhotellet 15 senger og ekstramadrasser som gjer at dei kan huse opp mot 20 personar.

Fyret heilt ute mot det opne Stadhavet er blitt eit av dei viktigaste turistmåla i Vågsøy.

- Når du kjem ut til Kråkenes Fyr, så opplever du verkeleg natur, natur, natur. Det er ikkje mange stadar der du verkeleg kan vere heilt ute i elementa, seier Bickhardt.

Fred i stormen

Med ein vind som ofte kan nå opp i orkan styrke, meiner Bickhardt det er fullt mogeleg å finne roen.

- Du kan roe ned og slappe av. Eg føler du kan oppleve fred i stormen. Livet handlar om polariteten; Mange opplever mykje storm i kvardagen og då er det ekstra viktig å kunne komme ut og oppleve stilla i stormen, seier ho.

«Slow start» for «Slow Tour»

Det nytt konsept «Slow Tour» har fått ein «slow start». Fyrhotellet har opplevd ein liten nedgong i tal overnattingar i høve til fjoråret, men Bickhardt vonar positiv omtale i Lonely Planet kan skyte fart i turiststraumen. Utsiktene for neste år ser positivt ut.

Gjestene får både overnatting i to-tre dagar, tilbod om avspenningsmassasje og guida tur.

- Slow tour produkt for eit storbymenneske som er sliten og trett og treng å roe ned. Tilbodet er så pass spesielt at det kanskje er ein liten prosent som er moden nok til å bestille ein «slow tour». Då er det ekstra viktig å nå ut til mange slik at dei få prosent som vil oppleve dette verkeleg kjem, seier Bickhardt.