Hopp til innhold

Lærdalstunnelen står i fare for å bli stengd - har ikkje god nok tryggleik

Brannsjefen vurderer å stengje Lærdalstunnelen for tunge køyretøy, dersom ikkje det defekte overvakings- og tryggleiksutstyret blir sett i stand snarast mogleg.

Lærdalstunnelen

DEFEKT UTSTYR: Statens vegvesen lovar å få i stand tryggleiksutstyret i Lærdalstunnelen snarast mogleg. Elles trugar brannsjefen med å stengje tunnelen for tunge køyretøy.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

– Å ha denne tryggleiken, både for dei som trafikkerer tunnelen og for oss som må rykkje ut når noko skjer der inne, er såpass viktig, at vi no vurderer å krevje Lærdalstunnelen stengd for tunge køyretøy, seier brannsjef Johnny Skjerping i Lærdal til Sogn Avis.

Det er Statens vegvesen sitt utstyr, såkalla «Tunsafe» – som held kontroll med alle køyretøy som køyrer inn og ut av tunnelen, som no har vore ute av drift på Håbakken sidan tidleg i sommar.

Overfor Sogn Avis samanliknar brannsjefen situasjonen med eit hotell som ikkje har oversikt over tal overnattingsgjester og kva rom gjestene er på.

Han meiner styresmaktene ville ha stengt hotellet, og at også brannvesenet no må vurdere å ta i bruk dei maktmidlane dei har til rådvelde overfor Vegvesenet.

LES OGSÅ:

– Vi jobbar med å få dette utstyret i orden att snarast mogleg. Tunsafe er eit system som kjem i tillegg til det vanlege sikrings- og overvakingssystemet i tunnelane våre, seier seksjonsleiar Terje Totland i Statens vegvesen til Sogn Avis.