Statens Vegvesen har gjort forsøk med gjennomsnittsmåling på tre ulike vegstrekningar, og resultatet viser at bilførarane reduserer farten.
No vil staten innføre gjennomsnittsmåling på 11 vegar i løpet av 2011, og Lærdalstunnelen er ein av desse.
- LES OGSÅ;
- LES OGSÅ:
– Slepp kenguru-køyring
Audun Heggestad i Trygg trafikk ønskjer tiltaket velkommen.
– Eg tykkjer det er positivt, for vi ser at mellom boksane er det høg fart. Gjennomsnittsmåling betyr at farten vil bli senka, slik at det blir tryggare. Vi slepp også denne kenguru-køyringa som polititet har avdekka med kontrollane sine, seier han til NRK.no.
Følgjande strekningar kan få gjennomsnittsmåling i 2011.
- Fv 653 Eiksundtunnelen, Møre og Romsdal
- E39 Byfjordtunnelen, Rogaland
- E6 Helltunnelen, Trøndelag
- E8 Tromøysundtunnelen, Troms
- Rv 7 Hallingdal, Buskerud
- E8 Lavangsdalen, Troms
- Rv 475 Flekkerøytunnelen, Vest-Agder
- E16 Lærdalstunnelen, Sogn og Fjordane
- Rv 25 Elverum - Trysil, Hedmark
- Rv 8 Stryken - Grua, Oppland
- Fv 57 Lindås - Lauås syd, Hordaland
Redusert ulukkesrisiko
Det har vore eit forsøk med slike målingar på E6 ved Dovreskogen, E18 i Grenland og riksveg 3 i Østerdalen, og Statens vegvesen har no evaluert desse tre strekninga.
– Evalueringa viser redusert ulukkesrisiko med opptil 35 prosent, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i ei pressemelding.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Effektivt tiltak
Ho har difor gitt grønt lys til at vegvesenet i år kan setje i verk slike målingar på ytterlegare 11 strekningar.
– Det viktigaste tiltaket for å redusere dødsulukker og alvorlege ulukker på vegane er å få sjåførane til å halde fartsgrensene og å tilpasse farten etter forholda. Automatiske målingar av gjennomsnittsfart er såleis eit effektiv tiltak når det gjeld å betra trafikktryggleiken.
Ho seier at omsynet til personvernet til bilistane skal òg ivaretakast ved direkte automatisk sletting av data for dei bilistane som held fartsgrensene.
I løpet av dei komande tre åra blir det også vurdert å etablere streknings-ATK på inntil 40 strekningar, inkludert dei 11 i 2011.