Hopp til innhold

Trur på ei lys framtid for kortreist vin

SOGNDAL (NRK): Noreg kan bli eit vinland. Det trur norske druedyrkarar. For stadig fleire får auge opp for druedyrking og vinlaging.

Bjørn Bergum og Halldis Nedrebø

VINBØNDER: På Slinde i Sogn haustar vinbøndene Bjørn Bergum og Halldis Nedrebø inn druer som skulle blitt til såkalla eiswein om dei ikkje måtte flytte plantene no.

Foto: Steinar Lote / NRK

På Slinde i Sogn har vinbøndene Bjørn Bergum og Halldis Nedrebø det travelt. Over 600 drueplantar må dei flytte til ei ny mark før frosten kjem i bakken.

– Det er god jord og fantastiske forhold, men vi må flytte fordi grunneigaren ønskjer at vi skal ta plantene vekk før april. Difor må vi ta dei no, fortel Bergun.

Han kikkar ut over alle plantane som står i bakken, for det er ikkje berre sør i Europa at det blir produsert vin. Det gjer dei også i Sogn. Det er flott utsikt over Sognefjorden der han står.

Må flytte 630 vindrueplantar

FLYTTINGA: Fleire gode venner stiller opp for å ta i eit tak med å flytte plantene til ei mark 300 meter unna. Det er tungt arbeid i dei bratte bakkane.

Foto: Steinar Lote / NRK

På 61 grader nord

Bjørn Bergum fortel at han har vore interessert i det grøne heilt sidan han var liten gut.

– Eg har drive med fersken, aprikos og druer tidlegare også. Men då Halldis sa eg måtte finne ei mark til druer, så fann eg ei mark å dyrke på. Då var vi i gang. Vi har no 2700 vinstokkar, og eg har også blitt årets vinbonde tre år på rad.

Klimaet i indre Sogn er perfekt for dyrking av råstoffet til gylne dropar, meiner druebøndene på Slinde. Bergum tykkjer det er spennande å få til noko utradisjonelt på 61 grader nord. Han har tidlegare hausta to tonn med druer som har blitt til vin.

– Det har blitt lagt merke til både i inn- og utland. No går det mot 10.000-15.000 vinstokkar her i området fordi andre også vil vere med å få til noko.

Druer på Slinde i Sogn

DRUER FRÅ SOGN: Desse druene blir no hausta før flyttinga av plantene.

Foto: Steinar Lote / NRK

Er interessert i norsk vin

Kommunikasjonsdirektør Halvor Bing Lorentzen i Vinmonopolet fortel at det førebels er lite volum når det gjeld kommersiell produksjon i Noreg.

– Det er i småskala. Det er avgrensa kva druetypar som overlever i Noreg, for dei må tole kulde, seier han.

Vinmonopolet har ikkje tal på kor mykje norsk vin som blir laga, men Lorentzen seier det er stadig fleire som prøver seg. Han trur årsaka er ein kombinasjon av auka interesse og større moglegheiter på grunn av klimaet.

Og Vinmonopolet er interessert om det skulle bli meir norsk vin tilgjengeleg på den norske marknaden.

– Det eg har smakt av vin laga av norske druer, har stort sett vore godt, seier han.

Både lidenskap og litt galskap

Danilo Costamagna

DRUEDYRKAR: Danilo Costamagna i foreininga Norske Druedyrkere.

Foto: Anngunn Dårflot

Danilo Costamagna er leiar i foreininga Norske Druedyrkere. Det er ei foreining for druedyrkarar og vinprodusentar i Noreg. Han stadfestar at interessa er aukande for å dyrke druer her til lands.

– VI har om lag 100 medlemmar der 12–15 er kommersielle eller på veg til å bli det. Dei andre er hobbydyrkarar.

Og druedyrkarane finst mange stader. Det fleste er på Aust, Sør- eller Vestland. Men også i Trøndelag blir det dyrka druer. Enno er ikkje volumet så stort, men Costamagna som sjølv er vinprodusent, seier det aukar dei neste åra.

– Om tre-fire år trur eg det blir laga om lag 40.000 flasker totalt hos dei som er kommersielle.

Han seier at klimaendringar er ei årsak til at fleire har fått har fått augo opp for druedyrking. Men det er også andre årsaker.

– Vi ser det går an å lage vin av god kvalitet også her. Det er veldig spennande og det er hardt arbeid. Det handlar om mot, mykje lidenskap og litt galskap, ler han.

Må flytte 630 vindrueplantar

MYKJE ARBEID: Alle plantane må behandlast forsiktig slik at røtene ikkje blir skadde.

Foto: Steinar Lote / NRK

Ser lyst på framtida

På Slinde i Sogn testar Bergum ut 60 forskjellige druetypar, også druer som er meir vanleg i Sør-Europa.

– Vi må finne dei som modnar her. Det er ein føresetnad.

Sjølv om har vunne fleire kåringar, driv han framleis på hobbybasis. Han trur dei blir kommersielle i løpet av neste år.

– Vi eksperimenterer og det er mykje spennande på gang.

For trass flyttinga av dei over 600 vindrueplantane denne veka, har vinbonden framleis både lidenskap og pågangsmot. Han ser fram til ei lys framtid for norsk vin.

– Vindyrking trekkjer seg meir og meir nordover. I Europa ser dei seg om etter marker lengre nord. Eg trur Noreg er eit vinproduserande land om 10–15 år. Vi får mykje kortreist vin etter kvart, seier han.