Hopp til innhold

Bjørn lagar vin frå verdas nordlegaste vingard – i framtida kan det bli fleire som han

Klimaendringane kan gjere Noreg om til eit vinland i framtida.

Bjørn Bergum og Halldis Nedrebø er vinbønder i Sogn.

SATSAR: På ein av verdas nordlegaste vingardar mellom Leikanger og Sogndal lagar Bjørn Bergum og Halldis Nedrebø premiert vin. I framtida kan det bli endå fleire vinprodusentar i Noreg.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Piemonte Sognefjorden. Det er det desse skal bli, seier vinbonde Bjørn Bergum medan han med varsame hender steller druerankene som veks på Slinde vingard i Sogn.

Her mellom fjord og fjell 61 grader nord finn vi ein av verdas nordlegaste vingardar. Over 3000 drueranker strekkjer seg mot den blå himmelen og den varmande sola. No skal dei fram i lyset for å få fart på modninga.

Etter kvart skal dei ende opp som edle dropar.

40 vinbønder i Noreg

I Leikanger- området i Sogn er dei totalt åtte vinprodusentar som no kallar seg Piemonte Sognefjord. Dei har planta 15.000 vinplantar til saman.

I dag er det om lag 40 vingardar i Noreg, syner tal frå Vin- og brennevinsleverandørens foreining.

Sjølv planta Bergum og sambuaren Halldis Nedrebø ned dei første plantane i jorda 2014. Sidan den gong har dei hausta ei rekkje utmerkingar for vinen sin, samt utmerkinga Årets Vinbonde.

Vinbonden i Sogn trur det er potensial for at langt fleire i Noreg også kan drive vingard.

Ingunn Jordheim, generalsekretær i Vin- og brennevinsleverandørens foreining, er samd med vinbøndene i Sogn. Ho trur vinproduksjonen i Noreg berre er i startfasen.

Druehøsting, Slinde, Bjørn Bergum, Halldis Nedrebø, vin, druer, vingård

Halldis Nedrebø (til venstre)synest det er svært kjekt å vere vinbonde. Her saman med Zsuzsanna Barna, som tidlegare jobba på vingarden i Slinde, men som no har sin eigen vingard.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

– Det er fleire som er interessert i å dyrke druer og lage vin, men på grunn av det norske klimaet er det ingen tradisjon for druedyrking her i landet, seier Jordheim til Nynorsk pressekontor.

I dag er berre spesielle druetypar som er eigna for kulda som er mogleg å få til i Noreg.

Men dette kan endre seg i takt med klimaendringane.

Klimaendringane kan føre til fleire vinbønder

For med eit varmare klima, kan det bli meir egna temperaturar for produksjon av druer og vin i Noreg.

Steffen Riis Christiansen, produktsjef i Vinmonopolet seier vi har gode moglegheiter for å bli et vinland i framtida.

Han legg til at kortreist mat er i vinden, og at både svensk og dansk vin sel godt. Samstundes krev det mykje eigenkapital for å starte opp som vinprodusent i Noreg. Det gjer til at dei som satsar, må ta det seriøst for å lukkast.

Bjørn Bergum er vinbonde i Sogn.

Druedyrking tek langt tid. Ein vinplante er på sitt mest optimale når den er mellom 30 og 40 år.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Også vinbonde Bergum i Sogn trur klimaendringane med varmare temperaturar kan gi vindyrkinga så langt nord eit dytt i ryggen.

– Det regnar meir når det først regnar, og det blir varmare når det først er varmt, seier han.

Ei rekkje europeiske land som strevar med varmen i sommar, fryktar for vinproduksjonen.

Bergum er ikkje i tvil om kva han sjølv føretrekker:

– Eg vil heller ha eit slikt år der vi strevar litt med sol og regn om ein annan, enn å kave med 40 varmegrader. Det er nesten like gale som frost.

Meiner det er stort potensial

Sjølv om det har vore ein vel fuktig sommar, så har vinbonden på Slinde god tru på at skal bli god musserande vin etter kvart.

For nettopp her langs Sognefjorden er det godt moglegheiter for det, forklarar vinbøndene. Sola på himmelen blir også reflektert frå vatnet, og med godt jordsmonn og vatn, samt godt stell, så blir det gode druer.

Druehøsting, Slinde, Bjørn Bergum, Halldis Nedrebø, vin, druer, vingård

Når hausten kjem skal druene haustast.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

– Og så må du snakke med plantane. Dei gler seg over luft og lys, då kosar dei seg, seier Bergum.

Han ser at andre nordiske land ligg framfor Noreg, men han trur fleire her heime også får auga opp for vingardar etter kvart.

– Begynn no, for då er du først ute. Det er fantastiske potensial for å drive med dette.

Neste år satsar han og sambuaren mot utlandet med vinen sin.

– Om vi får ei anerkjenning med gull frå 61 grader nord, då er det ikkje noko å diskutere. Då er det berre å plante ut vinranker langs Sognefjorden, seier han.