Hopp til innhold

Juli har vore rekordvåt mange stader i landet

16 nedbørsstasjonar i landet kan skilte med ein heller trasig rekord.

sykler i regn

VÅTT: Mange stader i landet har juli månad vore rekordvåt.

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Mange av oss har fått ein solid dose med regn denne sommaren. Ifølge Meteorologisk institutt har det faktisk vore så vått at heile 16 stasjonar kan skilte med nedbørsrekordar i juli.

Men det er framleis to dagar att av juli, og det er venta meir regn denne helga.

– Det betyr at det kan kome fleire rekordar, seier statsmeteorolog Ingvild Villa.

Våtaste juli på 43 år

Den våte og grå sommaren gir fleire utslag. Campingplassane fortvilar over at folk avbestiller, medan bønder slit med den tredje våtaste sommaren sidan 50-talet. Samstundes valfartar vestlendingar til solarium for få litt farge, noko som gir ekstra kroner i kassa for solstudioa.

Stasjonane som dukkar opp på den heller trasige statistikken, er å finne frå Vestlandet og nordover.

Av dei 16 stasjonane er det i Nord-Noreg vi finn dei to våtaste plassane. I Leirfjord bøtta det ned heile 293, 4 mm med regn i juli. Og med dette knuste Leirfjord regnrekorden sin frå 1982.

Nest våtast på lista er målestasjonen Grunnfarnes med 274,2 mm. Pallplassen går til Kvamskogen i Vestland med 259,5 mm.

Kan kome endå fleire rekordar

Den eldste av rekordane stammar frå Otterøy i Trøndelag. Sist det var så vått her i juli var i 1979, men no kan altså årets julimånad skilte med å vere endå meir fuktig med 184,9 mm.

Ifølge meteorologen må målestasjonane ha vore i drift i 15 år eller meir for at dei kan registrere rekordar. Leirfjord i Nord-Noreg er den eldste av dei 16 stasjonane. Her har det blitt gjort målingar sidan 1950.

– Kor vanleg er det at det er så mange rekordar på målestasjonane?

– Mange av desse er i same område, så dersom det kjem mykje nedbør ein stad, vil ofte mange andre stasjonar nærområdet også merke det godt, seier Vill.

Ho legg til at det har lege i korta at det ville kome ein del nedbørsrekordar for juli månad- og at det framleis er mogleg at fleire stasjonar dukkar opp på lista.