Hopp til innhold

Trur insta-Erna kan påverke kvar nordmenn reiser på ferie i sommar

Erna Solberg har fått tusenvis av likes og mange kommentarar på Instagram-bileta av sin eigen noregsferie. Sosiale medium-ekspert trur det kan føre til at fleire vel same reiserute.

Erna Solberg og Sindre Finnes i Stryn.

INSTA-ERNA: Sindre Finnes og Erna Solberg på toppen av Hoven i Stryn. Bildet er likt meir enn 15.000 gonger og har fått fleire hundre kommentarar.

Foto: Erna Solberg på Instagram

Sommaren då «alle» nordmenn skal på ferie i eige land, valde statsminister Erna Solberg å legge turen til fjord og fjell på Vestlandet.

– Sindre og eg har noregsferie i år, og så langt har vi hatt nokon fine dagar ulike stader på Vestlandet. Vi starta i Geiranger og Loen, og drog deretter sørover til Sogn, seier Solberg til NRK via statssekretær Rune Alstadsæter.

Som så mange andre har Solberg valt å leggje ut feriebilete på Instagram. Fredag kveld hadde bileta og videoane hennar frå turen fått over 15.000 likes.

Sindre Finnes i Briksdalen.

SINDRE VED BREEN: Erna Solberg sin ektemann, Sindre Finnes, ved Briksdalsbreen.

Foto: Erna Solberg på Instagram

Trur det har god effekt

Kommunikasjonsrådgjevar og sosiale medium-ekspert i Den Norske Turistforening, Eivind Haugstad Kleiven, trur det kan føre til at fleire vel Vestlandet denne sommaren.

– Når kjende personar som Erna Solberg løftar fram enkelte område som dette, så blir det fort ein dominoeffekt, seier Kleiven.

Han tykkjer det er veldig gledeleg at ho vel å fronte norsk natur i sosiale medium.

– Det kan vere med og påverke litt fleire som no sit på gjerdet og tenker på kva dei skal bruke ferien til og velje Vestlandet og dei opplevingane ho har vore med på, seier Stein Ove Rolland, administrerande direktør i Fjord Noreg, til NRK.

Han er naturleg nok glad for at statsministerparet valde hans region, men han er usikker på effekten det har at nettopp Erna Solberg er den som deler bilete frå fjord og fjell.

– Eg er usikker på om det kjem til å dra hordar av folk frå Austlandet og hitover. Men det er utruleg kjekt at statsministeren er ein ambassadør for vår region.

Oppmoda om noregsferie

Solberg har vore tydeleg på at nordmenn bør velje sitt eige land i år med tanke på koronasituasjonen.

– I utgangspunktet må ein rekne med at det blir noregsferie i alle fall i første del av denne ferien, sa Solberg 13. mai.

På sin ferie i Noreg har Erna Solberg og Sindre Finnes blant anna tatt gondolbana frå Loen og opp til fjellet Hoven i Nordfjord, dei har gått fjelltur på Turtagrø og dei har besøkt Sogndal.

– På kaia i Sogndal åt vi skagentoast medan måsane åt chili con carne-restar frå dei førre gjestene, seier statsministeren.

– Det er ikkje akkurat kvardagskost å få statsministeren på besøk, seier dagleg leiar for kafeen Dampskipskaien, Kevin Gray, til Sogn Avis.