Hopp til innhold

Trur flytande solceller kan bli milliardindustri

OSTERØY (NRK): Først vil gründerane skaffe straum til norsk oppdrettsnæring. Deretter vil dei vinne Asia.

Laksemerd mews solceller på Skaftå Bruvik Osterøy

TESTMERD: I denne merden ved Sjøtrolls anlegg i Skaftå på Osterøy har gründerane testa flytande solceller. Med gode resultat.

Foto: Christian Lura / NRK

I den vesle bygda Skaftå ved Sørfjorden har oppstartsselskapet Ocean Sun produsert straum i seks månader.

Straumen vert hausta på sjøen, av solceller som flyt på sjøen.

Kald duk er løyndomen

– Dei ligg på ein membran som er mindre enn ein millimeter tjukk, forklarer gründer og oppfinnar Børge Bjørneklett.

Membranen er sterk nok til at vi kan stå på han. Den er kald, har nesten same temperaturen som havet under.

– Vi nyttar aluminium for å leie varmen ned i sjøen og halde solcellene kalde, seier Bjørneklett.

Dette er løyndomen bak oppfinninga. Kalde solceller er meir effektive og produserer meir straum enn varme solceller. Om ein til dømes plasserer solcellepanel på eit hustak eller på land, spesielt i varme strok, er det eit problem at dei fort blir varme.

Men når dei flyt på sjøen og held konstant lågare temperatur enn på land, vil solcellene ha betre effekt og dermed produsere meir straum til ein rimelegare pris.

Øyvind Rohn

ASIA: Gründer Øyvind Rohn trur teknologien vil kunne hjelpe tett befolka område nær hav, som i Asia, med å skaffe nok straum.

Foto: Christian Lura / NRK

Vil satse i Asia

– Vi har ikkje noko tal enno på kor billeg denne krafta vil bli. Men vi trur den vil bli konkurransedyktig, spesielt i varme land med tilgang på hav, seier gründer Øyvind Rohn i Ocean Sun.

Dei siktar seg inn mot marknader i Asia, som til dømes Singapore, der det ikkje er nok plass til å byggje tilsvarande anlegg på land.

– Dette er ein global industri og vil vekse, seier Rohn.

Anslaget er at solceller vil kunne produsere ein terawatt av jordas energi om nokre år. Det er ein marknad større enn det norske oljefondet.

Skaftå på Osterøy

Nyttig for oppdrett

 Ingrid von Streng Velken

HAR TRUA: Konserndirektør for innovasjon og utvikling i BKK, Ingrid von Streng Velken, trur teknologien kan erstatte dieselaggregat ved oppdrettsanlegg som ligg i grisgrendte strok langs kysten.

Foto: CHRISTIAN LURA / NRK

Men i første omgang er tanken at teknologien til Ocean Sun skal kunne erstatte forureinande dieselaggregat i oppdrettsnæringa, gjerne på anlegg som ligg avsides til. Då vil det vere billegare enn å kople anlegga til straumnettet, trur BKK.

– Vi er ikkje ferdige med reknestykket. Men straumen er rimelegare viss alternativet er dyre dieselaggregat, seier Ingrid von Streng Velken, konserndirektør for innovasjon og utvikling i BKK.

I nær 100 år har BKK produsert straum av fossefall. No trur Velken at sol og flatt hav vil bli ei ny inntektskjelde.

– Sol er ein del av den fornybare framtida. Der vil vi vere med, seier Velken.