Hopp til innhold

Truleg ikkje godt nok til verdscup

Odd-Bjørn Hjelmeset skulle levere resultat heilt i toppen om han skulle vere aktuell for verdscupen. Slik gjekk det ikkje.

Odd-Bjørn Hjelmeset

NOKO Å TENKJE PÅ: Odd-Bjørn Hjelmeset toppa ikkje formen til Beitostølen, og har fått noko å tenkje på etter sesongopninga.

Foto: Rune Fossum / NRK

- Det var jamt, men eg slo Øystein Pettersen, og det er godt. I tillegg er det godt berre å komme i gang og få testa formen, sa Hjelmeset til NRK etter målgang.

Vart slegen av Aa Djupvik

Han satsar denne sesongen utanfor landslaget, og var avhengig av ein topp prestasjon for å gå seg inn på verdscuplaget allereie frå sesongstart.

Men slik gjekk det ikkje: På 15 kilometer klassisk enda Hjelmeset på sjuandeplass - banka av vinnaren Martin Johnsrud Sundby med over minuttet.

I tillegg enda løparar som Eirik Kurland Olsen, Sjur Røthe og Roger Aa Djupvik framfor ringreven frå Gloppen.

Det betyr nok at han ikkje kjem med på verdscuplaget i denne omgang.

(Artikkelen held fram under biletet)

Odd-Bjørn Hjelmeset

VIL TIL VM: Odd-Bjørn Hjelmeset har ingen planar om å gje opp VM-draumen om gull på 15-kilometeren.

Foto: Rune Fossum / NRK

Må satse alt i Davos

Samstundes reknar han med at ein god prestasjon på Gålå om nokre veker er godt nok til å få sjansen i Falun.

Det er heilt avgjerande for Hjelmeset å prestere der - iallfall dersom han skal sjans på ein plass i VM-troppen.

- Odd-Bjørn gjorde et jamt bra renn i dag, men det er ikkje klassiskrenn før i Davos i desember, så han har tid på seg til å komme i endå betre form, seier landslagssjef Åge Skinstad til VG Nett.