- Klart det er stas at familien heiar på meg ute i løypa, seier Odd-Bjørn Hjelmeset.
Han gjekk fredag inn til ein anonym 69. plass på 15 kilometer klassisk i sesongopninga, men var eit einaste stort glis etter målpassering.
- LES OGSÅ:
- Plasseringa bryr eg meg ikkje om. No fekk eg meg ei god økt - og det er viktig med tanke på søndagen, seier Hjelmeset.
(Artikkelen held fram under biletet)
FRI TEKNIKK: Odd-Bjørn Hjelmeset hamnar garantert høgare på lista når det er klassisk på programmet på søndag.
Foto: Rune Fossum / NRKVakna to timar før rennet
For det er søndag klassiskeksperten skal vise landslagsleiinga at han er verdt å satse på også denne sesongen.
- LES OGSÅ:
Då er det 15 kilometer klassisk på programmet, og då stiller han nok betre førebudd også...
- Det var like greitt at dette rennet gjekk så seint som klokka eitt. Eg forsov meg, og vakna ikkje før elleve, humrar Hjelmeset.
- Som å gå på heimebane
Ute i sporet hadde han familien ringside, og kvar runde heia Elisabeth og dei tre ungane på langrennshåpet frå Gloppen.
For på Beitostølen er familien Hjelmeset ofte - og her legg far sjølv mykje av grunnlaget for satsinga fram mot VM i Holmenkollen.
- LES OGSÅ:
- For meg er dette heimebane. Det er heilt topp å gå her, seier Hjelmeset.