Hopp til innhold

Truga med å brenne ned huset med Nav-tilsett og borna hennar

Ei kvinne i 20 – åra er i Sogn og Fjordane tingrett dømt til fengsel i ni månader etter ei lang rekkje med lovbrot frå desember 2022 og fram til september 2023. Til frådrag frå straffa kjem 183 dagar som ho har sete i varetekt.

Skadeverk, tjuveri, køyring i rusa tilstand og trugslar er blant det kvinna måtte svare for i retten.

Sunnfjordingen stal mellom anna kunst, måleri og andre varer frå Galleri Fjalar i Bergen. Ho stal også kle frå andre butikkar, eit klesstativ frå politiet, samt ei rekkje klessplagg frå ein butikk. Kvinna tok seg også inn i andre sine hus og køyretøy og stal gjenstandar.

Ho truga også ein Nav- tilsett i Sunnfjord med at ho skulle brenne ned huset til vedkommande med henne og borna hennar inni.

Kvinna får sperrefrist for å skaffe seg førarkort i fem år, ho må betale erstatning på totalt 86.000 kr til fleire av dei ho har stole frå.