Hopp til innhold

Bom stopp for seks vogntog

To vogntog på Filefjell, to i Sogndalsdalen, og eitt i Stigedalen, Strynefjellet og på Årdal - Tyin har alle ein ting til felles: Dei køyrde seg faste på vintervegane.

Ein norsk semitrailer køyrde seg fast på fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin.

SJÅ VIDEO: Ein norsk semitrailer trengde onsdag ettermiddag hjelp etter at den køyrde seg fast på fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin. (Foto: Tove Austad/Redigering: Oddleif Løset)

Bilbergingsselskapa har ein rimeleg hektisk onsdagkveld. Spesielt i Indre Sogn.

Like før klokka midnatt er det kolonnekøyring over Hemsedalsfjellet og Strynefjellet. Elles er det mange stengde vegar.

– Hemsedal er vel einaste fjellovergang vi ikkje har fått melding frå om vogntog i trøbbel, seier vaktoperatør Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Kaos i Sogndalsdalen

På riksveg 5 gjennom Sogndalsdalen skal det ha vore trafikkaos sidan 19-tida etter at to vogntog har fått problem. Det eine skal stå kring fire kilometer frå Sogndal, medan det andre skal ha kome nesten til Frudalstunnelen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vogntog fast mellom Årdal og Tyin

FAST: Vogntoget hamna inntil fjellveggen mellom Årdal og Tyin.

Foto: Tove Austad / NRK

Bilberging skal vere tilkalla.

– Det er snø og vinterføre, og vogntog som står fast. Eg har forstått at det er veldig glatt, men vi har ein patrulje på staden for å sjå korleis køyretyet er skodd, seier operasjonsleiar Wenche Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Frå Valdres

På fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin hamna ein norsk semitrailer av vegen. Sidan bilberginga i Lærdal var oppteken, måtte bilbergar frå Valdres ta oppdraget. Dette forseinka bergingsarbeidet noko.

– Men no er vegen stengt grunna uvêr, seier Molvær hos Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Også i Stigedalen på E39, på Filefjell og på Strynefjellet har vogntog fått problem.

– Filefjell ventar vi å opne om kort tid. På Strynefjellet skal det vere passasje, seier Molvær.

– Veldig farleg

Vogntog i fjellveggen mellom Årdal og Tyin

GODT PLASSERT: Vogntoget mellom Årdal og Tyin kom seg ikkje laus for eiga hjelp.

Foto: Tove Austad / NRK

Molvær seier at det som er av entreprenørar no er ute for å både brøyte og strø, men at vind og nedbør gjer jobben krevjande.

Vaktoperatøren tykkjer lite om dei som prøver seg opp i høgda utan kjettingar.

– Det er veldig farleg, og egoistisk. Det er slapseføre og då kan det fort gå gale, seier han.

Med kraftig vind og nedbør det kommande døgnet, er det meldt utfordrande køyreforhold det neste vel døgnet i Sør-Norge.

Lett blanding

– Eg må seie eg har sympati med dei som kjøper skikkeleg utstyr og gjer det dei kan for å gjere jobben skikkeleg. Dei har tidsfristar, køyre- og kviletid å halde seg til, men så hamnar dei bak dei som tek sjansen, seier Molvær.

– Er det hovudsakleg utlendingar, eller også nordmenn som køyrer seg fast?

– I dag trur eg nok vi har ei god blanding.