Trenar tiltalt for seksuell omgang med tenåringsjente

Ein mann i 40-åra er tiltalt for å ha skaffa seg seksuell omgang med ei tenåringsjente ved å utnytta at han var trenar i to idrettsklubbar i Bergen, som jenta trente i.

BT, som melde om saka fyrst, skriv at trenaren hadde forlate klubben då saka vart meldt til politiet.

Mannen er tiltalt for å ha brote straffelova paragraf 295 mellom mars og desember 2020.