Trekte kniv mot politiet

Vest politidistrikt melder om ei mindre valdshending mellom to personar på ei privatadresse på Sandsli i Bergen. Den mistenkte skal ha trekt kniv mot politipatruljen som kom til staden og politiet brukte peparspray for å få kontroll. Personen er i arrest.