Hopp til innhold

Trefte av paintballkuler

Natt til fredag vart tre personar skotne på med paintballgevær i Florø. - Ingen av dei tre kom til skade, men politiet ser alvorleg på hendinga, seier operasjonsleiar Stig Inge Hauge ved Sogn og Fjordane Politidistrikt.

Paintball (ILLUSTRASJONSFOTO)
Foto: Alf Ove Hansen / Scanpix

Dei tre var på veg opp i bustadfeltet Botnaholten i halv eitt-tida då ein bil kom køyrande forbi dei. Det vart skote ut av bilvindauget, og to av dei tre vart trefte av paintballkuler.

Skytinga skjedde frå ein stolen bil. Bilen vart funnen fredag føremiddag og blir undersøkt av politiet.