Tredobling av festklager – no har politiet fått nok

Politiet i Bergen har fått 48 festklager i natt. Dei aller fleste gjaldt studentar på private festar. I Trondheim har politiet fått nok, og står ved at dei snart må bøtelegge og melde studentar for bråk.

Fadderuke-samling i Nygårdsparken i Bergen

FADDERVEKE: Studentstarten dette året har vore prega av uro for smittevern mellom festande studentar. Bilete er tatt i Nygårdsparken tysdag kveld. Natt til torsdag melder politiet om svært mange oppdrag relatert til feststøy.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

I Trondheim har politiet for andre natt på rad fått over 30 telefonar om festbråk.

– Det er mange frustrerte, sinte, oppgitte menneske som er naboar til festar. Dei fortel at dei ikkje får sove, og at dei har barn som ikkje får sove. Dei skal på arbeid dagen etter, og er ikkje akkurat utkvilt til det, seier operasjonsleiar i Trøndelag politidistrikt, Vegard Helgesen Riseth.

Onsdag sa politiet i Trondheim til NRK at dei vurderer å bøteleggje og melde dei som gong på gong sørgjer for festbråk. Riseth seier at politiet natt til torsdag prioriterte å dra til plassar som går igjen.

Har notert namn på dei som går igjen

– Vi har notert oss namn på dei som bur på stader og er ansvarlege for festane. Så får vi sjå kva som kjem i kjølvatnet av det, seier Riseth.

Operasjonsleiar Ole Petter Hollingen seier på generelt grunnlag at det kan vanke bøter eller meldingar etter klokka 23, viss det er snakk om gjengangarar.

– Ein fest etter klokka 23 held isolert sett ikkje til å melde dei, påpeiker Hollingen til NRK torsdag morgon.

I likskap med i går, var festane stort sett inne.

Politiet kan ikkje med hundre prosent tryggleik seie at alle som har vore innblanda i festbråk denne veka er studentar. Men dei er sikre på at festinga har ein klar samanheng med fadderveka og innrykket av studentar.

Men ifølgje stasjonssjef ved Sentrum politistasjon i Trondheim, Arve Nordtvedt, har det i år vore unormalt mykje bråk i samband med innrykket av studentar.

– Om det har samanheng med vesentleg meir festing i år enn tidlegare, eller om folk er mindre tolerante for festbråk på bakgrunn av pandemien og frykt for smitte, veit eg ikkje. Men det har vore uvanleg mange meldingar om festbråk, seier Nordtvedt til NRK torsdag formiddag.

Tredobling i Bergen

Heller ikkje telefonen til politiet i Vest politidistrikt har stått stille natt til torsdag. Mellom klokka 23 og 05 har politiet loggført 48 oppdrag i samband med forstyrring av natteroa.

Operasjonsleiar Eivind Hellesund opplyser at det har vore opp mot 15 minuttars ventetid for dei som ringer inn til politiet.

– Det er ikkje til å stikka under ein stol at det har vore svært mange hendingar frå eit avgrensa område i Bergen sentrum i natt, seier operasjonsleiaren.

Gjeld klagene studentar som er samla?

– Hovudinntrykket vårt er at dette er studentar som var blitt kjende med kvarandre. Det er ganske openbert.

I same tidsrom natt til onsdag hadde politiet 14 oppdrag som gjaldt støy, forstyrring av nattero, høg musikk eller ordensforstyrring på privat stad.

– Politiet har inga meining om årsaka til auken. Me får berre konstatera at det i natt har vore veldig mykje.

UiB-rektor Dag Rune Olsen går patrulje i Nygårdsparken under fadderuken 2020

REKTOR PATRULJERTE:– Me er opptekne av at organiserte møtestader, med smittesporing og avgrensa grupper, er viktige for smittevernet. Difor er me også opptekne av å halda på det gjennom fadderveka, sa UiB-rektor Dag Rune Olsen etter å ha patruljert byen tysdag kveld. Dagen etter avlyste UiB alle kveldsarrangement.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Avlyste kveldsarrangement og droppa alkohol

Onsdag ettermiddag bestemte Universitetet i Bergen seg for å avlysa alle organiserte kveldsarrangement resten av fadderveka.

– Me ser at presset når det gjeld gjennomføring og merksemda fadderveka får nasjonalt over tid, blir for stort, uttalte viserektor Oddrun Samdal onsdag.

Kort tid seinare informerte Høgskolen på Vestlandet (HVL) at alle arrangement i HVL-regi utover ettermiddag og kveld skal vera alkoholfrie resten av fadderveka.

Også studentorganisasjonen ved BI har avlyst alle organiserte fellesarrangement.

Operasjonsleiar Hellesund opplyser at patruljane i natt var innom privatfestar der studentar frå alle utdanningsinstitusjonar deltok.

– Politiet har ikkje gått djupt til verks og sett om det er fadrar til stades eller studentgrupper som har vore samla. Det har me ingen grunnlag for å uttala oss om. Vårt inntrykk er at dette er studentfesting i variert form, med studentar frå alle utdanningsinstitusjonar, seier han til NRK torsdag morgon.

Mange var samla i Nygårdsparken den fyrste kvelden i fadderveka.

NYGÅRDSPARKEN: Svært mange studentar har vore samla i Nygårdsparken i Bergen dei første dagane i fadderveka. Biletet er tatt måndag. Onsdag sa Universitetet i Bergen stopp til alle kveldsarrangement.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Lite avgrensa område

Hellesund seier godt vêr og høg temperatur truleg spelte inn på omfanget av meldingar i natt. Mange spelte høg musikk med altandører eller vindauge opne.

Operasjonsleiaren understrekar at det ikkje har vore bråk eller slåsting.

– Dette er vennlegsinna ungdomar. Tilbakemeldinga frå patruljane er at dei blir møtt med ei viss forståing når dei ringer på døra.

Meldingane har kome i eit avgrensa område i Bergen sentrum, frå Florida i sør til Bontelabo i nord.

– Folk har hatt vindauga opne og det forstyrrar frykteleg mange.

I tillegg til å be ungdomen visa omsyn, kom politiet med denne oppfordringa til irriterte naboar:

– Politiet spør ofte om folk som ringer har ringt på nabodøra sjølve og bede naboen skru ned. Ofte er svaret nei. Eg tenker at mykje hadde løyst seg då, i staden for å stå i telefonkø i femten minutt og få til svar at politiet kanskje får tid til å koma innom, seier Hellesund.

Laster Twitter-innhold

Status Norge

Sist oppdatert: 18.09.2020
776
Siste uke
18
Innlagt
266
Døde