Hopp til innhold

Enorm økokrim-sak: Brukte barna sine kontoar til kvitvasking

To menn og ei kvinne er tiltalte for omfattande økonomisk kriminalitet i Bergen. Mellom anna har dei brukt barna sine kontoar til å kvitvaska pengar.

grov økonomisk kriminalitet i Bergen

ALVORLEG: I denne bankboksen fann politiet 220 000 kroner. Funnet er ein del av grov økonomisk kriminalitet.

Foto: Politiet

Forholda i tiltalen gjeld fleire millionar i svart omsetning. Den svarte omsetninga skal ha blitt kanalisert inn på dei tiltalte sine eigne kontoar og til nære familiemedlemmar.

Pengane er deretter kvitvaska og investert i eigedom.

I tillegg omfattar tiltalen bankbedrageri, dokumentforfalsking, Nav-bedrageri og omfattande brot på rekneskapslovgivinga.

Saka skal vera ei av dei mest omfattande økokrim-sakene i Bergen nokosinne. Påtalemyndigheita vil inndra 25 millionar kroner.

Det forklarer statsadvokat Rudolf Christoffersen som har teke ut tiltalen i ei pressemelding.

– Svikt i kontrollsystema

Den tiltalte 37-åringen skal ha vore dagleg leiar eller i andre leiarstillingar i fleire aksjeselskap samtidig som han leverte inn elektroniske meldekort til Nav.

Han nemnde heller ikkje arbeidsforholda i rettleiingsmøte med Nav. Opplysingane på meldekorta var grunnlag for automatisk utrekning og uretteleg utbetaling av dagpengar.

Til saman skal mannen ha fått over 386 000 kroner utbetalt.

– Saka illustrerer dessverre også svikt i kontrollsystema når det er mogleg å eiga og driva aksjeselskap med millionomsetning og ei rekke tilsette samtidig som øvste sjef i selskapet får dagpengar frå Nav, seier Christoffersen.

grov økonomisk kriminalitet i Bergen

I denne notatboka har politiet funne rekneskap over både kvit og svart omsetning.

Foto: Politiet

Dei straffbare handlingane skal ha gått føre seg i rundt 10 år før det blei oppdaga av skatteetaten og meldt til politiet.

Bruke barnas bankkontoar

Dei tiltalte har ein familierelasjon. Mellom anna har dei brukt kontoane til sine eigne barn for å kvitvaska pengar.

Av tiltalen går det fram at fleire hundre tusen kroner har gått via kontoane til tre mindreårige barn.

grov økonomisk kriminalitet i Bergen

I desse notatbøkene skal det vera rekneskap over både kvit og svart omsetning.

Tiltalen er omfattande. Mellom anna skal ein, to eller alle dei tre tiltalte ha gjort følgjande:

  • Kvitvaska fleire hundre tusen kroner via tre mindreårige barn sine kontoar. Det eine barnet var berre 1 år gamalt då hen fekk svarte pengar på kontoen sin.
  • Betalingar med tenesta iZettle har gått direkte til eit av barna sine kontoar.
  • Unnlata å føra oppdatert og fullstendig rekneskap for fleire selskap og halda delar av kontantomsetninga utanfor rekneskapane.
  • Overføra delar eller heile kontantomsetninga til selskapa til private kontoar.
  • Fått forsikringsutbetalingar og fakturautbetalingar som skulle til selskap til private kontoar.
  • Budd gratis på ein eigedom eigd av eit av selskapa.
  • Fått delar av husleige frå to leigetakarar direkte til private kontoar.
  • Brukt midlar frå eit selskap til omfattande oppussing og ombygging av eit bygg eigd av eit anna av selskapa.
  • Overført pengar som var utbyte frå straffbare handlingar til utlandet.
  • Lurt til seg lån i ein bank til kjøp av eigedom ved å forfalska lønsslippar.
  • Lurt til seg lån i ein anna bank ved å forfalska skattemelding og lønsslippar.
  • Levert elektroniske meldekort utan å opplysa om at han var reell dagleg leiar eller hadde ei anna leiarstilling i fleire aksjeselskap. Han opplyste heller ikkje om det i rettleiingssamtalar og fekk dermed utbetalt dagpengar han ikkje skulle hatt.
  • Utført omfattande endringar på eigedom utan godkjenning frå kommunen.
  • Drift av serveringsstad utan naudsynt serveringsløyve.

Når straffbare handlingar er gjort av nokon som handla på vegner av eit føretak, kan også føretaket straffast. Tre av selskapa står også på tiltalelista til Hordaland tingrett.

Erkjenner delvis straffskuld

Påtalemyndigheita vil inndra 19 millionar frå den eldste mannen, 2,9 millionar frå den yngste mannen og 1,5 millionar frå kvinna.

Då skatteetaten melde funna sine til politiet, starta dei ei etterforsking som har gått føre seg frå hausten 2019 til hausten 2022.

NRK har ikkje kome i kontakt med Jørgen Riple, Einar Råen og Ivar Abrahamsen, som er oppnemnd som forsvararar i saka.

Til TV 2 seier Riple at hans klient, den eldste mannen, delvis erkjenner straffskuld, men at dei reagerer på inndragingskravet på 19 millionar kroner.

– Det var betydeleg høgare enn me hadde venta, seier Riple.

Einar Råen forsvarar kvinna i saka. Han seier til BT at ho har vore i mange og lange avhøyr. Til avisa seier Råen at aktløyse kanskje kan bli ei problemstilling i saka.

Min klient har hatt ein svært beskjeden rolle i saka og er i mindre grad omfatta av tiltalevedtaket. Ho har ikkje hatt til hensikt å gjere noko straffbart og har samarbeida med politiet og forklart seg om det ho har kjennskap til.

Når ho i ettertid blir kjend med politiets etterforskingsmateriale og sjå hendingar i samanheng innsjår ho at nokon disposisjonar kan vere uheldige. Eg har elles ingen ytterlegare kommentar til saka, skriv Råen til NRK.

Ivar Abrahamsen forsvarar den yngste mannen. Han seier til NRK at klienten hans nektar straffskuld.

Ressurskrevjande sak

Påtalemyndigheita vil vurdera å legga ned påstand om inndraging av ca. 25 millionar kroner som dei meiner er utbyte av den kriminelle verksemda.

Dette inkluderer også verdistigning på eigedomar som er kjøpte og/eller pussa opp med midlar frå den straffbare verksemda.

Hovudforhandlinga i saka er planlagt hausten 2023. Det er sett av 60 dagar i retten til gjennomføring av saka.

Ifølgje Hordaland, Sogn og Fjordane statsadvokatembeter har etterforskinga vore omfattande og kravd store ressursar. Totalt skal dokumenta i saka vera på over 80 000 sider.

grov økonomisk kriminalitet i Bergen

Desse pengane blei funne i bankboksen.