Tre nye smittetilfelle i Hyllestad

Det er påvist tre tilfelle av covid-19 i Hyllestad, melder kommunen. To familiar er sette i isolasjon, skriv Firda. For alle tre tilfella er smittesporing i gang. Førebels er smittekjeldene ukjende. Skule og barnehage er stengde inntil vidare.