Hopp til innhold

Tre menn sikta for ulovleg væpning

Tre menn vart i dag framstilte for varetektsfengsling i Sogn og Fjordane tingrett, sikta for ulovleg væpning. Forsvararen til den eine seier klienten nektar straffskuld og motsette seg fengsling. Ut over det kan ingen av forsvararane kommentere saka, fordi opplysningane i saka er strengt klausulerte, og det er referatforbod frå rettsmøtet. Heller ikkje politiet vil kommentere saka i dag.