Hopp til innhold

Trappar ned bjørnejakta

Bjørnejakta i Lærdal vert trappa ned etter at jaktlaget framleis ikkje har nokon spor å gå etter.

Det seier talsmann for bjørnejegerane Alf Erik Røyrvik. Jaktlaget fekk fellingsløyve til 4. juli etter at det vart oppdaga fleire sauekadaver i Lærdal.

Røyrvik oppmodar alle sauebønder om å følgje med på flokken sin og melde frå om kadaverfunn så raskt som mogleg, slik at nye spor vert sikra.

NRK anbefaler