Trakk kniv mot politiet

Då politiet rykka ut til ei mindre valdshending mellom to personar på Sandsli i Bergen i dag, trekte den mistenkte kniv mot politiet. Patruljen brukte pepperspray for å få kontroll på mistenkte. Ingen vart skadde. Den mistenkte er pågripen og sett i arresten.