OPPDATERING: 21.55: Ei kvinne er køyrd til sjukehus på Voss grunna smerter i ein arm, melder politiet.
Ulukka skjedde klokka 19.45, då ein personbil køyrde i ein stein i nærleiken av Ohnstadtunnelen. Politiet har snakka med føraren.
– Det var ein stein som har ramla ned i vegen. Føraren såg steinen, men hadde ikkje sjanse til å stogge, seier Bengt Ness hjå politiet i Sogn og Fjordane.
Kvinna skal ikkje vere alvorleg skadd.
– Det er snakk om lettare personskade. Personen trudde kanskje det var snakk om ein brekt arm, seier Ness.
E16 skal ikkje vere stengd. Trafikken vert dirigert forbi, melder politiet.