Hopp til innhold

Trafikkulukke på Danmarks plass

Ein personbil og ein lastebil er innblanda i ei trafikkulukke på Danmarks plass i Bergen klokka 18. Politi og ambulansar er på staden. Det er ingen informasjon om personskade, skriv Vest politidistrikt.

Uhellet har skjedd i retning sentrum. Trafikken går greit forbi staden.

Alle er ute av køyretøya. Det er mogleg lekkasje frå eit køyretøy, melder 110 Vest.