Hopp til innhold

Trafikkulukke i Førde

Politiet er på staden etter ei trafikkulukke i Hafstadvegen i Førde i Sunnfjord. To bilar og tre personar er sagt å vere involverte. – Dei involverte hevdar seg uskadde, seier operasjonsleiar Steinar Hausvik. Ulukka har skjedd i eit kryss i nærleiken av bensinstasjonen Circle K. Det er redusert framkomst på staden, melder Vegtrafikksentralen.