Hopp til innhold

Så lite vatn er det i fjellet no – det kan du merke på straumrekninga

Lite snø i fjella og minimalt med nedbør gir spesielle forhold i både fjellheimen og for straumprisen.

Holsen elvekraftverk

TØRRE FJELL: Her i vassdraget ved Holsen kraftverk i Sunnfjord er det til vanleg mykje høgare vasstand.

Foto: Andrea A. Krüger

– Vi har ikkje vore med på at det har vore så lite vatn, seier Øystein Holsen.

Han er ein av grunneigarane på Holsen kraftverk i Sunnfjord.

Tørre elvar har vore realiteten i mange fjellheimar i Noreg no i sommarmånadene.

Småkraftverket i Sunnfjord får no merke følgjene av det.

Øystein Holsen var med på å starte elvekraftverket i 2017. Dei treng vatn i elvane for å halde produksjonen i gong.

– Det går utover innteninga til kraftverket, fortel Holsen.

Holsen elvekraftverk

LÅG INNTENING: Det finst vatn i elvekraftverket på Holsen, men det er rekordlangt under nok vatn til å kunne halde oppe ein kraftproduksjon.

Foto: Andrea A. Krüger

På nettsida senorge.no kan ein sjå kart over avrenning. Det vil seie kor mykje av nedbøren som renner ut i vassdraga per døgn.

Karta her viser tydeleg kor stor forskjellen er frå sommaren 2020 til i år:

Snosmelt
Dette kartet er frå 27. juli i år.
senorge.no
Dette kartet er ifrå samme dato i fjor.
Samanliknar ein med kartet for eitt år sidan, vil ein sjå at kartet var betrakteleg blåare i fjor.
Skjermdump senorge.no

Mindre nedbør gir låg produksjon

– Situasjonen no er at produksjonen er betydeleg lågare enn den tradisjonelt har vore, grunna lite nedbør, seier Terje Vedeler, administrerande direktør i selskapet Småkraft AS.

Selskapet har 140 småkraft som blir drive i samarbeid med lokale grunneigarar i heile landet. Dei fleste ligg på Vestlandet og i Midt-Noreg.

– Dette er i sterk kontrast til 2020, då det var rekordproduksjon i heile landet.

I byrjinga av mars melde Meteorologisk institutt at det hadde vore rekordlite snø i delar av fjellet i vinter.

Kraftselskapet BKK peiker også på at ein snøfattig vinter og lite nedbør siste tida gjer at det er mindre vatn i vassdraga no.

NVE-målingar i norske vassmagasin viser ein fyllingsgrad på 68,6 prosent førre veke. Medianverdien for tilsvarande tidspunkt i åra 2001-2020 er 73,3 prosent.

– Vi får mindre tilsig i magasina våre no gjennom sommaren enn kva vi normalt ville fått. Så vi har nok ein litt mindre produksjon utover sommaren enn normalt, seier Olav Osvoll, konserndirektør for BKK Produksjon, eitt av dei største energiselskapa i landet.

Produksjonen til kraftselskapa er dermed avhengig av korleis vêret blir vidare i sommar og i haust.

Holsen elvekraftverk

DRASTISK FORSKJELL: Her ser ein kor mykje lågare vasstanden er enn den pleier å vere.

Foto: Andrea Alvheim Krüger

Høge straumprisar

Lite vatn i elvane er medverkande til unormalt høge straumprisar i ulike delar av landet.

  • 29. juli 2020 var straumprisane i Bergen, Oslo og Kristiansand nede på historiske 1,2 øre per kWh.
  • 29. juli 2021 var straumprisane for dei same byane på 52 øre per kWh.

Nord-Noreg og Midt-Noreg får litt snillare straumrekningar no i juli med 46 øre per kWh i Trondheim og 30 øre per kWh i Tromsø.

Nedbørsmengder er ein av fleire faktorar som avgjer prisane på straummarknaden.

Nordpool
Alle kraftprodusentar i Noreg leverer krafta si til den nordiske kraftmarknaden, Nord Pool. Dei gir tilgang til kraftmarkeder i 16 europeiske land.
I den marknaden er det både produsentar av atomkraft, gass, kol, sol, vind og vatn.
Kor mykje krafta frå desse produsentane blir prisgitt, blir påverka av ulike prisdrivarar.
I år er gassen ein populær global handelsvare, som følgeleg er høgt prisa og en prisdrivar.
Når Europa i tillegg har vore prega av fint ver og lite vindkraftproduksjon, gir det høge kraftprisar i marknaden.
Andre årsaker som spelar inn på straumprisane er ein økt elektrifisering av Noreg, og gjenåpningen av Europa og Noreg, ifølge NVE.

Magasina litt under normalen

Overingeniør i NVE, Lars Eirik Eilifsen, fortel at vatn no på sett og vis er meir «verdt».

– At det er lågare fyllingsgrad enn tidlegare år kan påverke kraftprisen. Kraftprodusentane aukar verdien av vatnet. I år ser vi at det er andre faktorar som påverkar kraftprisen meir enn fyllingsgrad, seier Eilifsen.

Han viser til at Noreg og Norden et tett knytta til den europeiske kraftmarknaden og at kraftprisane der derfor påverkar dei norske straumprisane.

Dei høge kraftprisane i Europa er i stor grad påverka av kol- og gassprisane. Desse er for tida langt høgare enn dei har vore dei siste åra, i tillegg er CO2-kvoteprisane rekordhøge.

Auka elektrifisering og gjenopning etter pandemien har også gitt eit høgare forbruk, som er med på å presse prisane oppover, seier Eilifsen.

Holsen elvekraftverk

UNDER NORMALEN: Magasinfyllinga i magasin rundt om kring er lågare enn normalt. I Holsen har ein ikkje anledning til å magasinere vatnet.

Foto: Andrea Alvheim Krüger

Blir stor prisvariasjon

Framover kan ein vente stor variasjon i prisen på straum, seier Olav Osvoll i BKK.

– Vi lever i eit klima som endrar seg veldig fort. Det går frå veldig tørt til veldig vått på kort tid, seier Osvoll.

Ifølge NVE vil klimaendringane med høgare temperatur og meir nedbør få konsekvensar for vatnets kretsløp med elvar og innsjøar.

Dette kan påverke kor mykje kraft vi produserer i Noreg.

– Konsekvensen av større variasjon i nedbørsmengd mellom åra vil vere at der er ein større variasjon også i prisen på energi som forbrukarane må betale, seier Vedeler i Småkraft AS.