Hopp til innhold

Skogmeister åtvarar mot ryddearbeid

Fylkesskogmeister Merete Larsmon åtvarar på det sterkast å ta til på skogryddingsarbeidet åleine.

Storm på Helset i Lodalen

HERJA: Uveret i romjula gjorde store skader på skogen. Her eit bilete frå Helset i Lodalen.

Foto: privat

Forsikringsselskapet Skogbrand reknar med at uveret i romjula gjorde skader for fleire titals millionar kroner på skogen i Norge.

– Eg har ei bøn om å vere veldig varsam, og ikkje ta sjansar i skogen. Tømmerhogst med motorsag er i seg sjølv vanskeleg og farleg. Når tre ligg over ende, med framleis rotkontakt og greiner i alle retningar, så kan det vere til dels livsfarleg, seier fylkesskogmeister Merete Larsmon.

Kjempekrefter i sving

Skogeigarlaget, kommunane, fylkesmannen og Skogbrukets Kursinstitutt har i etterkant av uveret tromma saman eit gratis kurs i vindfallhogst.

Fylkesskogmeister i Sogn og Fjordane, Merete Larsmon.

ÅTVARAR: Fylkesskogmeister i Sogn og Fjordane, Merete Larsmon.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Larsmon oppmodar alle som har område å rydde om å kontakte anten kommune eller fylkesmann for nærare informasjon. Skogryddingsarbeidet er farleg, seier ho.

– Trea ligg i kjempespenn, med krefter på mange tonn som fyk i ulike retningar. Greiner ligg i bend. Er det snakk om gran, så har den ganske stort greinapparat med mykje krefter. Tenk tryggleik, hjelm og alt som høyrer til av tryggleiksutstyr, ber Larsmon.

Breiare linjegater

Spesielt skapte trefall store problem for straumforsyninga til fleire bygder. Også ei lang rekkje vegar vart mellombels stengde medan store tre la seg i vinden. I tillegg til energiverka sine folk, må ein del skogeigarar fram med motorsag for å rydde.

Sogn og Fjordane Skogeigarlag vil no hente inn ryddelag for å hjelpe skogeigarar etter uveret, skriv Sogn Avis. Skogssjef Ola Nygård seier at mange skogeigarar alt har teke kontakt.

Inge Geir Sårheim frå Breim har i 40 år vore linjemontør. Han meiner det må kome strengare krav til kor breie kraftlinjegatene skal vere.

– Det må ryddast breiare linjegater, spesielt i granfelta, seier han.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Uveret på vestlandet

SJÅ TV-SAK: DSB meiner det må vere opp til nettselskapa sjølve å vurdere om kraftlinjetraseane er breie nok.

Har ikkje fått stell

I hovudsak er grantrea uthengt som syndebukk for straumproblema. Larsmon seier at også unormalt mykje lauvtre måtte gje tapt mot vindkreftene i romjula.

Ho er samd i at breiare linjegater er løysinga.

– Skogen har ikkje fått det stellet den kanskje skulle ha. Eg meiner grana har sin plass i natur og økologi på Vestlandet, seier ho.

Grana står laust

– Det har vore ein ekstremt fuktig haust. No er det ikkje veksttid og røtene sit laust. Når vinden får tak, tek den med seg kva som helst, held ho fram og legg til at grana er flatrot og ikkje festar seg så lett i bakken.

Gran som står inn til linjespenn har også lettare for å vekse seg store.

– Ein må hugse at linjegata er ei opning, slik at den grana som er effektiv på vekst strekkjer greinene mot opninga og lager endå meir greiner og bar. Det gir meir motstand i vind og vinden får betre tak i linjekantar. Ein skal heller ikkje gløyme at grana er ti meter høgare enn den skogen ein er vand med å rydde i, seier ho.