Hopp til innhold

Tora (10) planlegg heimkommunen sin i Minecraft

Lova seier at born har rett til å forme omgjevnadane sine. I klasserommet til Tora har dei løyst utfordringa – med dataspel.

Tora Åsnes Skjerdal, Leikanger barneskule

NYE VEGAR: Sogndal kommune går nye, digitale vegar for å få innspel til samfunnsplanane sine. Skuleelevane brukar Minecraft for å visa korleis dei ser for seg heimbygda om 30 år.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Her er ei hytte med solceller på taket, seier Tora Åsnes Skjerdal.

I klasserommet på Leikanger barneskule sit ho i lag med dei andre i 5A og bygger framtidsvisjonar for heimbygda si – i spelet Minecraft (sjå faktaboks).

– Og så skal det vere flygande elbilar. Ikkje vanlege eksosbilar.

Resultatet av dei digitale legoklossane brukar kommunen når dei skal planlegga framtida.

Desse innspela hadde me ikkje fått på vanleg måte, seier Sigrid Ølmheim, som er samfunnsplanleggjar i Sogndal kommune.

Elevar i 9.klasse på Kaupanger skule

MINECRAFT I MANGE FAG: Elevane i 9A på Kaupanger skule i Sogndal kommune, ei av vinnarklassene, har brukt dataspelet i blant anna norsk, naturfag, samfunnsfag og KRLE. F.v. Ronja Hjelmhaug Sjåthun, Sara Hussein Selman, Sander Osen Låksrud og Hallvard Husum.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Ei hjartesak at barn er med

I Plan- og bygningslova står det at «kommunen har eit særleg ansvar for å sikre aktiv medverking frå grupper som krev spesiell tilrettelegging, medrekna barn og unge».

I FNs barnekonvensjon heiter det at «barnet har rett til å seie meininga si alt som kjem det ved».

Og læreplanen seier at barn skal kunne «delta i utforminga av samfunnet».

Likevel: Unge spring ikkje ned på kommunehuset med skisser til korleis byane deira skal sjå ut. Mot ein vegg av vanskelege ord som «høyringsuttale», «arealbruk» og «kommunal planstrategi» er det kan hende heller ikkje å forvente.

Bryggene i Bergen

BRYGGEN: Minecraft vart lansert i 2009 er verdas mest spelte og lasta ned spel. Slik ser Bryggen ut i digitale legoklossar.

Foto: Skogliv

Skumle stader i eit kart

Ingvil Aarholt Hegna, som er seniorrådgjevar innan arkitektur i Design og arkitektur Noreg (Doga), har difor omtala det som «ei hjartesak» å trekke barn meir aktivt inn i byplanlegginga.

Dette er bakgrunnen for prosjektet Barnetråkk, som i fjor vart framheva som eit eksempel på vellykka offentleg innovasjon då Kommunal- og moderniseringsdepartementet la fram si innovasjonsmelding.

Kommunal og moderniseringsminister Nikolai Astrup

VELLYKKA: Barnetråkk vart framheva som eit eksempel på vellykka offentleg innovasjon då Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) la fram innovasjonsmeldinga i fjor.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Til no har meir enn halvparten av kommunane i landet innført Barnetråkk-ordninga. Ordninga er ein digital portal der skuleelevar kan teikne inn skulevegen sin og merke skumle stader i eit kart. Kartet skal deretter vere med i det lokale plan- og utviklingsarbeidet.

I Stavanger slapp kommunen ein Minecraft-versjon av byen for å trekke unge med i byplanlegginga alt i 2016.

– Kommunale planar og kart kan ofte vere vanskeleg å sette seg inn i. Vi håper og trur at dataspel kan få nye grupper til å engasjere seg, forklarte Tor Brynjar Welander, som leia arbeidet med sentrumsplanen.

Ingvil Aarholt Hegna, seniorrådgiver arkitektur, Design og arkitektur Norge (DOGA).

HJARTESAK: Ingvil Aarholt Hegna i Doga har som hjartesak å trekke barn meir aktivt inn i byplanlegginga.

Foto: Eirik Evjen / Design og arkitektur Norge

Planavdelinga i kommunen heiv seg rundt

I Sogndal starta involveringa av dei unge med eit prosjekt der skulen ville undersøke korleis dei kunne bruke Minecraft i ulike fag. Oppgåva med å sjå for seg korleis lokalsamfunnet deira i 2050 vart laga som ei utfordring til alle klassane i kommunen.

Då planavdelinga i kommunen høyrde kva elevane var i gang med, heiv dei seg rundt.

Via dei tradisjonelle måtane å få innspel på fekk me få og veldig konkrete svar. Som for eksempel «i denne bakken kan det vere ei sykkelbane». No viser dei unge oss ei heilt ny verd, seier Sigrid Ølmheim, som er samfunnsplanleggar i kommunen.

Ho legg til:

– Det er dei unge som skal leve i framtida, så det er deira framtid me planlegg. Difor er innspela så viktige.

Turid Rauboti er pedagogisk IKT-rådgjevar i kommunen. Ho kallar grepet med å trekke Minecraft inn i undervisninga for ein «kjempearena for å høyre ungdomane si stemme».

– Dessutan kjem dei som kan falle litt utanfor i det tradisjonelle klasserommet veldig aktivt på bana!

Sogndal sentrum

SAFTBYGDA: I Sogndal starta involveringa av dei unge med eit prosjekt der skulen ville undersøke korleis dei kunne bruke Minecraft i ulike fag.

Foto: Bjørn Erik Pedersen