Hopp til innhold

Tok fleire medaljar enn nokon venta

Då Inger Anne Frøysedal avslutta med sølv i lengde, sette ho samstundes prikken over i'en på ein medaljefangst ingen hadde tort å håpe på før NM.

Inger Anne Frøysedal tok sølv i lengde

LANDA STØTT: Inger Anne Frøysedal leverte nok eit solid NM på Byrkjelo. Her sikrar ho sølv i lengde, medan ho også fekk med seg gull i tresteg.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Dette er veldig i overkant av det vi hadde tort å håpe på. Det har vore fantastiske dagar, seier Narve Heggheim i Norsk Friidrett i Sogn og Fjordane.

Etter to intense NM-dagar på Byrkjelo står utøvarane frå Sogn og Fjordane med heile 15 medaljar.

Tok berre seks medaljar i fjor

To av desse er gull; fredag vart Øyvind Strømmen Kjerpeset og Inger Anne Frøysedal norgesmeistrar på høvesvis 400 meter hekk og tresteg - og totalt tok lokale utøvarar heile 11 medaljar på fredag.

Laurdag heldt dei lokale utøvarane fram med medaljefangsten:

  • Trude Raad frå Gloppen tok sølv i sleggje.
  • Eivind Stavang frå Florø tok sølv på 110 meter hekk.
  • Inger Anne Frøysedal frå Stryn tok sølv i lengde
  • Sander Sekkingstad Terum frå Aurland tok bronse på 3000 meter hinder.

– Det er heilt fantastisk. Under NM på Sandnes i fjor tok vi berre seks medaljar, seier Narve Heggheim.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trude Raad tok sølv i sleggje

TOK SØLV: Trude Raad viste seg igjen som landets nest beste sleggjekastar. Ingen kunne gjere noko med suverene Mona Holm, som sette ny nordisk rekord under NM.

Foto: Rune Fossum / NRK

Kosa seg i sola på heimebane

Han reknar då ikkje med Inger Anne Frøysedal som tok gull i tresteg - men som konkurrerer for Tjalve. NRK reknar ho likevel med i medaljefangsten for Sogn og Fjordane.

I år har Frøysedal teke gull i tresteg, og ho tok ein noko overraskande sølvmedalje i lengde.

– Det har vore heilt utruleg. Vêret har vore flott, og arrangørane gjort ein kjempejobb, seier Tjalve-hopparen.

Heimebane motiverte til innsats

Frøysedal hadde familien frå Stryn og fleire gamle kjenningar på tribunen, og synest sjølv ho har hatt ein herleg helg i heimfylket.

Det synest nok også Trude Raad, som laurdag fekk med seg sølv i sleggje - framfor sitt eige heimepublikum på Byrkjelo.

– Det at NM gjekk på heimebane, har vore til enorm motivasjon for våre lokale utøvarar. Det har vore god stemning og fine forhold, og det er slikt som gir litt ekstra, seier Heggheim.

Mona Holm med nordisk rekord

LUKKELEG: Dagens gladaste på Byrkjelo stadion var Mona Holm, som for første gong kasta lenger enn 70 meter i sleggje. Det var samstundes ny nordisk rekord.

Foto: Rune Fossum / NRK