Hopp til innhold

No har Inger Anne tre gull på rad

Inger Anne Frøysedal var i ein klasse for seg i tresteg under NM på Byrkjelo - berre ei veke etter at gullet glapp under junior-NM.

Inger Anne Frøysedal tek NM-gull på Byrkjelo

GULL I SUVEREN STIL: Inger Anne Frøysedal leverte varene på Byrkjelo. No har ho tre strake NM-gull.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg er alltid nøgd med NM-gull, smiler Inger Anne Frøysedal etter at ho har teke sitt tredje strake NM-gull i suveren stil.

Ho har hatt ein trøblete sesong, med mykje skader - og der ho som storfavoritt heller ikkje fekk klaff under junior-NM førre helg.

Tilbake etter mykje trøbel

Difor smakte gullet på «heimebane» ekstra godt for tresteghopparen frå Oppstryn.

Lengstehoppet på 13,30 meter var nesten éin meter lenger enn nærmaste konkurrent på sølvplass, og også årsbeste for Frøysedal.

– I førre veke var det mykje som skjedde. Eg var sliten etter at eg deltok i lengde dagen før, og eg kjende ein strekk i låret. Men i dag stemte alt, og med litt meir trening i beina kunne dette ha blitt langt, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Cecilie Rise Ortner med bronse i comebacket

IMPONERTE: Seks år etter at ho konkurrerte sist, tok Cecilie Rise Ortner bronse i tresteg.

Foto: Rune Fossum / NRK

Gullvinnaren imponert over bronsen

Ein annan som imponerte minst like mykje var Cecilie Rise Ortner. Den gamle dronninga i tresteg gjorde comeback på heimebane etter seks års fråver.

Det enda med bronse - til stor jubel frå heimepulikum på Byrkjelo.

– Eg er imponert over det ho fekk til. Det er tøft gjort, seier Frøysedal.

– Godt som gull for meg

Gullvinnaren var for ung til å konkurrere i tresteg då Rise herja i NM-samanheng for snart ti år sidan.

Sjølv er Rise Ortner lykkeleg over bronsen.

– Det var det beste eg kunne håpe på. Det er godt som gull for meg, seier ho.

Ho hadde familien på tribunen, og fekk stor støtte frå publikum på Byrkjelo stadion.