All togtrafikk mellom Bergen og Arna vart stansa mellom 08.00 og 09.00 måndag morgon.
Årsaka var ei køyreleidning som mangla straum.
Passasjerar frakta i buss
NSB sette opp bussar for å frakte passasjerar på strekninga.
Men dagtoget frå Bergen til Oslo, som skulle gått kl 7.58, kom ikkje avgårde før klokka 08:48 og vart 50 minutt forseinka.
Togleiar ved Bergen stasjon, Leif Nygård, seier det blir vanskeleg for dagtoget å ta igjen heile forseinkinga på veg Oslo.