Hopp til innhold

To personar redda frå brennande båt

– Plutseleg stod båten i full fyr, seier Øystein Østervold til NRK. Han var om bord på ferja som redda to menn frå ein brennande båt.

Det var litt etter klokka 20 laurdag kveld at politiet fekk melding om at det brann i ein 40-fots fritidsbåt på Lysefjorden i Vestland, ein arm av Bjørnafjorden.

Ferja Møkstrafjord kom til staden, og sende ut tre frå mannskapet i ein liten redningsbåt.

Dei to som var ombord i havaristen måtte hoppa på fjorden.

– Det var dramatisk, og alt skjedde så fort. Men mannskapet fekk plukka dei opp frå fjorden like før dei største flammane tok over båten, seier Østervold.

Dei to vart tekne over i ambulansebåten som kom til, og sendt vidare til legesjekk.

Om lag ein time etter den båten tok fyr, sokk båten.

Båtbrann i Vestland. Ferja Møkstrafjord
Foto: privat