Hopp til innhold

To personar i varetekt etter innbrot

To personar er sett i varetekt etter innbrot og grovt tjuveri frå eit bustadhus på øya Kinn i Kinn kommune, skriv Firdaposten.

Gjerningspersonane, to menn og ei kvinne, kan saman eller kvar for seg knytast til fleire innbrot og tjuveri i Sogndal, Kinn og i Nordhordland, opplyser straffesaksansvarleg Aksel Rødland, til avisa.

To av personane vart framstilt for varetektsfengsling onsdag, medan det ikkje er teke avgjerd om den tredje enno.

Ifølge Sogn Avis er personane kjenningar for politiet, men har ikkje bustadadresse i Sogn og Fjordane.