Hopp til innhold

To påhengsmotorar stolne i natt

I løpet av natt har to påhengsmotorar forsvunne frå to båtar ved Vanylvsfjorden i Stad kommune. Ifølgje politiet er det ein 60 hk Suzuki, og ein 50 hk Yamaha. Båtane låg på to forskjellige stader, om lag to kilometer frå kvarandre. I begge tilfella er kablane frå motorane kappa av.

Politiet ser desse hendingane i samanheng, og utelukkar ikkje at også fleire motorar er stolne, ifølgje operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt.

Lokalt politiet følgjer opp saka.