To nye oppdrag på Trolltunga

Tyssedal og Odda Røde Kors gjennomførte kvar sin redningsaksjon på Trolltunga fredag kveld. Ein utanlandsk turist og ei norsk kvinne trengde begge hjelp til å koma seg trygt ned att til Skjeggedal. Redningsmannskap fekk også testa naudnettsdekninga, og det skal ha fungert bra.