Hopp til innhold

To-løpstunnel på E39 forbi Førde

E39 skal i framtida gå i tunnel forbi Førde. No viser det seg at trafikken aukar så mykje at det blir to tunnelar.

Kart over tunnelalternativ forbi Førde

FLEIRE FORSLAG: I fjor haust la Vegvesenet fram ein rapport der dei viste til fleire moglege alternativ for å flytte E39-trafikken ut av sentrum. Alle alternative inneber tunnel.

Foto: Statens vegvesen

Planleggingsleiar Ingar Hals i Statens vegvesen seier til avisa Firda at det er stor vekst i trafikken og nye krav til vegstandard som gjer at dei planlegg å byggje tunnelen med to løp.

Det har lenge blitt arbeidd med å få trafikken på E39 vekk frå sentrum av Førde. Etter som byen har blitt større og trafikken har auka har det blitt eit stadig større problem at E39 går tvers gjennom sentrum. I haust var det klart at Statens vegvesen ser tunnel som den einaste løysinga, og at dei ville jobbe vidare med fleire moglege alternativ.

Fram mot 2040 er det venta at trafikkmengda mellom Storehaugkrysset og Moskogkrysset vil vere på over 6000 køyrety i døgnet, seier Hals til Firda.

Krav om midtdelar ved 8000 bilar i døgnet og det faktum at Vegvesenet ser det som nødvendig med forbikøyringsstrekning i den eine retninga, gjer at dei fell ned på bygging av to-løpstunnelar. Dette skal sikre den nye E39 mot møteulukker og løyse forbikøyringsproblema, skriv avisa vidare.

Å ha to tunnelløp er også ein fordel dersom det skjer trafikkulukker. Om den eine tunnelen blir stengd grunna ei ulukke eller vedlikehald kan trafikken køyrast over i den andre, forklarar Hals.

Etter planen skal Vegvesenet sine planar og forslag leggjast fram for kommunen i oktober. Då skal dei også ha klart valet av trasear.