Hopp til innhold

To bilar i møteulykke - melding om glatt veg

Klokka 18.41 fekk politiet melding om ei møteulykke mellom to bilar på fylkesveg 49 i Samnanger, melder politiet.

Det skal ha vore til saman fire personar involvert, og alle er komne ut av bilane. Det er ikkje meldt om personskade.

Sjåførane var ein mann i 60-åra og ein mann i 20-åra. I ein av bilane var føraren åleine.

Klokka 19.03 melder Vest politidistrikt at naudetatane er framme på staden. Ein bil står i grøfta, og den andre på vegen eit stykke lenger borte.

Ulykka skal ha skjedd like utanfor fylkesveg 49 Fossenbratte-tunnelen som er stengd, ifølge Vegtrafikksentralen.

Det skal vere snø og vind og veldig glatt på staden.

Klokka 19.12 melder politiet at entreprenørar er sendt ut for å strø på vegen. Etter kvart vil det bli opna for manuell dirigering.

Bilane skal ikkje ha treft front-mot-front, men på sida, opplyser politiet klokka 19.24.

Dei fire involverte blir sett til av ambulansepersonell.

Det er ikkje mistanke om ruspåverka køyring hjå nokon av førarane. Bilbergar er på veg til staden.