Hopp til innhold

Tipsarar i byggebransjen avslører svart arbeid

Anonyme tipsarar avslører skattesnikarane i byggebransjen. 45 personar er melde til politiet etter eit eitt år med prøveprosjekt mot svart arbeid.

Byggjearbeid

Samarbeidet mellom byggjebransjen og skatteetaten har avslørt skattesnikarar som driv svart arbeid. ILLUSTRASJONSFOTO

Foto: NRK

– Me har heilt klare resultat og me har fått mange gode tips, seier leiar for skattekrim i Skatt Vest, Torkel Fure.

Avdekka svart omsetnad i fleire saker

Martin Larsen Hirth

Martin Larsen Hirth, styresekretær i Bygningsgruppen.

Foto: Bergen Næringsråd

Byggjebransjen har samarbeida med Skatt Vest i eitt år om å avsløre svart arbeid. På denne måten har det blitt lettare å avsløre skattesnikarane som driv svart arbeid. 45 personar har blitt meldt til politiet for svart verksemd det siste året.

– Med grunnlag i dei tipsa me har fått har me mellom anna teke arrest i 500 000 i ei sak. I fleire andre saker har me òg avdekka at det har vore svart omsetnad.

Ei undersøking utført for Skattedirektoratet frå 2011 syner at over 20 prosent av dei spurde svara ja på spørsmål om dei hadde kjøpt svart arbeid. Privatpersonar som kjøper svart arbeid kjøper helst tenester innan reinhald eller handverk. Dei fleste kjøper svart fordi dei meiner prisen er lågare (45 prosent) og fordi dei kjenner den som gjer arbeidet (42 prosent).

Lei svarte aktørar

Initiativet til samarbeidet kom på plass i fjor sommar etter at interesseorganisasjonen for handverkarar, Bygningsgruppen, i lengre tid hadde sett seg leie på at svarte aktørar dominerer den private delen av bygningsbransjen.

Les òg: Tar svarte håndverkere på fersken etter anonym «sladring»

– Bygningsbransjen tok kontakt fordi svart arbeid er eit aukande problem, seier Martin Hirth i Bergen Næringsråd.

Byggjearbeid

45 personar har blitt meldt til politiet i Bergen det siste året for å drive svart arbeid. ILLUSTRASJONSFOTO

Foto: NRK

Medlemsbedriftene i Bygningsgruppen melder frå om mogleg svart arbeid i bransjen til ein kontaktperson i Bergen Næringsråd, som igjen melder vidare til Skatt Vest.

– Når me får inn tips er det ofte frå bedrifter som har delteke i anbodskonkurransar, men ikkje vunne. Når dei seinare køyrer forbi tomta og ser at det heng folk frå taket utan sikring skjønner dei at det umogleg kan gå føre seg på lovleg vis, og melder frå.

Vil kopiere ordninga til resten av landet

Skattedirektoratet meiner ordninga fungerer så godt at den bør spreiast til resten av landet.

– Samarbeidet me har med ulike aktørar i næringslivet er veldig viktig for oss. Ordninga i Bergen er unik, og me har fått god tilbake melding. Det er eit veldig spanande prosjekt som me vil fylgje med på framover, seier direktør for regionavdelinga i Skatteetaten, Øivind Strømme.

Førebels er det ingen konkrete planar om å overføre ordninga til andre byar.

– Me ser at denne ordninga har fordelar, og me får inn tips me kan stole på. Me haustar erfaringar frå Bergen no for å sjå om ordninga òg kan passe andre byar.