Hopp til innhold

Betalte 2,3 millionar for hytta. Så fekk paret vite at nabotomta var åstad for dobbeltdrap

Paret gjekk rettens veg for å få kjøpet heva, men tingretten seier nei.

Fure

TINGRETTEN SA NEI: Paret ville heve kjøpet, men Sogn og Fjordane tingrett meiner seljaren ikkje hadde opplysningsplikt om at nabotomta var åstad for dobbeltdrap for over 30 år sidan.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

For den eitt år gamle fritidsbustaden på den 1,4 mål store tomta ved sjøen betalte paret 2,3 millionar kroner.

Men berre tre dagar etter at dei overtok eigedommen, kravde dei kjøpet heva.

Årsaka var at dei då hadde fått kunnskap om eit dobbeldrap som skjedde på nabotomta for over 30 år sidan.

I tillegg fekk dei vite at mannen som i si tid vart dømd for drapa framleis bur der.

Eigedomen paret har kjøpt ligg i bygda Fure i Fjaler kommune i Sunnfjord, og drapet skjedde etter ein langvarig nabokonflikt. Eit eldre ektepar vart drepne og drapsmannen rodde dei ut på fjorden og søkkte dei på djupt vatn.

Dette hevda paret at seljaren burde ha opplyst dei om, før kjøpekontrakten vart underskriven. Kravet vart avvist og dermed enda saka i retten.

– Orkar ikkje bu der

Kjøparane kom utanbygds frå og hadde ikkje kunnskap om historia til nabolaget.

– For kjøparane er bukvaliteten borte, og dei opplever eit så stort ubehag at dei ikkje orkar å bu på eigedommen, hevda advokaten til paret, Pål Kollbeinson Hjelmstad, då saka nyleg var oppe i Sogn og Fjordane Tingrett.

Men han fekk ikkje støtte for påstanden sin hos tingretten.

I vurderingane sine påpeikar dommarfullmektig Reidun Sæle Kongsvik at seljaren ikkje hadde opplysningsplikt.

Ho viser også til at det er heile 34 år sidan drapet skjedde, ute på naboeigedommen.

Bodgjevar visste om drapet

Samstundes peikar retten på at mannen som vart dømd for drapa, i dag får gode skottsmål hos andre naboar, og at det ikkje er konfliktar mellom naboane.

Tingretten avviser også at historia vil påverke marknadsverdien på tomta.

– Kjøparane var i ei bodrunde med to andre, der det nest høgaste bodet var 2.280.000 kroner. Ifølgje meklaren kjende denne bodgjevaren drapssaka, samanfattar dommaren.

Konklusjonen til tingretten enda med at kravet om heving av kjøpet vart avvist.

Uvisst om dommen vert anka

I staden sit kjærasteparet igjen med ei rekning på over 200.000 kroner som dei må betale motparten i sakskostnader. Paret vart i retten representert av advokat Pål Kollbeinson Hjelmstad hos Help Forsikring. Ifølgje selskapet vil dei få dekka desse utgiftene av bustadkjøparforsikringa si.

Paret opplyser til NRK at dei ikkje har lese dommen enno og at dei difor ikkje har bestemt seg for om dei vil anke og eventuelt kommentere saka. Advokaten deira har så langt ikkje vore tilgjengeleg i dag.

– Tidsaspektet truleg viktig

Jan-Ove Færstad, førsteamanuensis i jus ved Universitetet i Bergen

JUSSEKSPERT: Jan-Ove Færstad ved UIB.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

Førsteamanuensis Jan-Ove Færstad ved juridisk fakultet ved Universitetet i Bergen seier det har vore fleire tilfelle i norsk rettspraksis på at det har blitt diskutert om ein har opplysningsplikt om drap eller dødsfall på ein eigedom. Han seier domstolane då har vore opptekne av tidsaspektet.

– Det er ikkje slik at ein skal utlevere opplysningar om alt mogleg, for det kan vere krenkande eller sårande for den dødsfallet gjeld.

– Kor går grensene?

– Det er vanskeleg å seie. Rettspraksis har fleire døme. Eitt tilfelle der det var skjedd eit sjølvmord ni år før salet, kom lagmannsretten til at det ikkje var opplysningsplikt. Så var det ei sak med eit trippeldrap i ein bustad, to år før overtaking av eigedommen. Her kom domstolen kom til at dette burde det blitt opplyst om.