NRK Meny
Normal

Drapssikta 43-åring hevdar han ikkje hadde kontroll

BERGEN TINGRETT (NRK): Mannen som er sikta for drap på mora meiner han ikkje var tilrekneleg. 43-åringen er fengsla i fire veker.

Politiet gjer undersøkingar på Landås etter drap

FANN DRAPSVÅPEN: Etter forklaring frå den 43 år gamle mannen, fann politiet det dei meiner er drapsvåpenet i eit søppelrom ved bustadblokka på Landås i Bergen.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Måndag klokka 12.45 starta fengslingsmøtet i Bergen tingrett, utan den drapssikta 43 år gamle mannen.

– Han er i svært dårleg forfatning, deprimert og i sjokk, forklarte forsvarer, Jannicke Keller-Fløysland, til NRK om det manglande oppmøtet.

Det var laurdag kveld at politiet fann ei død kvinne (70) i ei bustadblokk på Landås. Det var 43-åringen sjølv som ringde og melde frå om at han hadde tatt livet av mor si.

Eit stort presseoppbod vart kasta på gangen då tingretten bestemte at fengslingsmøtet skulle gå for lukka dører.

Politiadvokat Ørjan Ogne bad om fire veker i varetekt i isolasjon.

Bergen tingrett har bestemt at 43-åringen skal fengslast i fire veker, der to veker er med brev- og besøkskontroll.

Jannike Keller-Fløystad under fengslinga etter drapet på Landås

UTAN SIKTA: Forsvarar Jannicke Keller-Fløystad møtte i tingretten utan sin klient i fengslingsmøtet måndag ettermiddag.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Skal ha brukt øks

43-åringen har forklart seg både om drapet og kva våpen han har brukt.

Til politiet har han fortalt at han brukt ei øks under drapet. Den vart funne i eit søppelrom utanfor bustadblokka.

– Vi jobbar med å ettergå og sikre både forklaringa hans om drapet og om våpenet som er brukt, seier politiadvokat Ogne.

43-åringen skal ha budd saman med mora i blokkleilegheita i rundt 1,5 år. Mannen hevdar han vart skriven ut av ein psykiatrisk avdeling mot sin vilje for nokre veker sidan.

Politiadvokat Ørjan Ogne under fengslinga etter drap på Landås i Bergen

ETTERFORSKAR DRAPSTIDSPUNKTET: Politiadvokat Ørjan Ogne.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Hevdar han ikkje hadde kontroll

Førebels har ikkje mannen tatt stilling til drapssiktinga. Forsvararen seier mannen meiner han ikkje var tilrekneleg under då drapet skjedde.

– Han opplevde at han ikkje hadde kontroll på kva som skjedde. Og at han heller ikkje følte seg tilrekneleg i perioden før dette skjedde. Dette spørsmålet vil stå sentralt i saka, seier Keller-Fløystad til NRK.

Førebels har ikkje mannen sagt noko om eit motiv for drapet.

Veit ikkje drapstidspunktet

Kor i leilegheita kvinna vart funnen, ynskte ikkje politiadvokat Ogne å seie noko om etter fengslingsmøtet. Ifølge BA låg den avdøde kvinna ute på altanen.

– Ho vart funnen i tilknyting til leilegheita, var alt politiadvokaten ville seie.

Eit sentralt spørsmål er også tidspunktet for drapet. Førebels har politiet ein teori basert på forklaringa til 43-åringen.

– Ein endeleg obduksjonsrapport vil bekrefte dette. I dag veit vi ikkje kor lenge ho hadde vore død då vi fann henne, seier Ogne.

Politiet jobbar framleis med å sikre spor på åstaden. Samtidig vil den taktiske etterforskinga kartlegga når kvinna sist vart sett i live.

Advokatfullmektig, Katja Hakvaag, ved advokatfirmaet Sylte, er nemnd opp som bistandsadvokat for dei pårørande i saka.

– Dei er i stor sorg og er veldig prega av det som har skjedd.

Mistenkelig drap på Landås

BRUKTE ØKS: I dette søppelrommet ved bustadblokka på Landås fann politiet det drapssikta har forklart var våpenet han brukte under drapet.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Har varsla Fylkeslegen

Helse Bergen bekreftar at den drapssikta har vore til behandling hjå dei, men at dei av omsyn til teieplikta ikkje kan seie meir om saka.

Kommunikasjonsdirektør Erik Vigander opplyser til NRK at dei gjer undersøkingar.

– Med bakgrunn i opplysningane som har kome fram, så har vi sett på saka og vil undersøke den vidare. Vi har rutinemessig varsla tilsynsmyndigheitene.