Hopp til innhold

Tiltalt for alvorleg oppdragarvald

Då foreldra blei fråtekne ungane sine av barnevernet førte det til demonstrasjonar over heile verda. I dag skulle dei møtt i retten, tiltalt for systematisk vald mot borna.

Demo mot barnevernet

DEMO: Naustdal-saka vakte mange reaksjonar i Norge og utlandet. N

Foto: Berg-Rusten, Ole / NTB Scanpix

I dag skulle rettssaka mot det norsk-rumenske foreldreparet frå Naustdal som står tiltalt for oppdragarvald mot borna sine starta i Fjordane tingrett. Men foreldra møtte ikkje, og saka er utsett.

Naustdal-saka vart kjent som ei barnevernssak der barnevernstenesta i Naustdal kommune tok fire born frå eit ektepar og plasserte dei mellombels hjå andre familiar.

Borna, den yngste ein baby og den eldste 11 år, vart alle tekne ut av heimen og plasserte i tre ulike fosterheimar på Vestlandet. Foreldra vart sikta for vald.

Foreldra har overfor politiet vedgått at dei ved fleire høve har utøvd vald mot borna sine som ein del av oppdraginga.

Stor merksemd

Barnevernssaka vekte stor merksemd i Norge og utlandet. I fleire byar over heile verda vart det demonstrert mot det norske barnevernet.

Demonstrasjonane gjekk mot barnevernet og til fordel for ekteparet. Som oftast var det konservative religiøse miljø som stod bak demonstrasjonane.

Etter ein lang prosess enda saka med at borna vart ført tilbake til familien, og i fjor sommar vart det klart at Naustdal kommune ikkje hadde grunnlag for å ta borna vekk frå foreldra på permanent basis.

Då tok det norsk-rumenske foreldreparet borna sine med seg til Romania. Like før skulestart kom beskjeden om at borna og familien vart buande i Romania.

Faren sin advokat stadfesta at familien flytta frå barnevernet.

Ragnhild Torgersen
Foto: Anette Andresen/Advokatfirma Andersen & Bache-Wiig

– Barnevernstenesta har eit stivna bilde av familien. Dei er ikkje i stand til å sjå at familiar utviklar seg. Dei har veldig behov for å vere til stades i ein kvar setting, sa advokat Ragnhild Torgersen til NRK.

Oppdragarvald

Sjølv om borna er tilbake hjå familien, og sjølv om dei no bur i utlandet, skulle straffesaka gå for retten i dag.

Det var i går ettermiddag ikkje klart om foreldra ville kome til Norge og møte i retten. Til NRK i august forsikra forsvarar Ragnhild Torgersen at foreldra ville møte.

– Ja, det vil dei sjølvsagt, sa Torgersen.

Tiltalen seier at foreldra frå sommaren 2010 til november 2015 ved fleire høve skal ha klapsa barna på baken, over nakkepartiet og mot armane, nokre gonger også mot hovudet, samt klypt dei i øyrer eller overarmar. Dette skal også ha skjedd medan andre såg på.

Det er sett av seks dagar til rettssaka. Faren blir forsvart av advokat Ragnhild Torgersen og mora av advokat Ingrid Breistein. Bistandsadvokat er Sidsel Rustad. Aktor er politiadvokat Sissel Kleiven.