Hopp til innhold

Tiltalt for å ha utnytta 42 polske arbeidarar

Ein mann er i Sogn og Fjordane tingrett tiltalt for å ha lønna 42 polske arbeidarar for lågt. Det var i 2019 at mannen frå Polen blei arrestert av politiet. Han var då arbeidsgjevar for arbeidarane som jobba på seks ulike gardar i sogn. Den polske mannen må svare for å ikkje ha betalt tariffløn. Arbeidarane skal heller ikkje hatt timelister og dei skal ha jobba meir enn 40 timar i løpet av ei veke. I tillegg skal buforholda ha vore for dårlege. Anette Vangsnes Askevold er forsvarar for mannen. Ho har ikkje fått snakka med han om tiltalen og veit difor ikkje korleis han stiller seg til den. Mannen risikerer mellom anna fengsel, bøter, samt ei inndraging på 850.000 kr når saka skal opp i Sogn og Fjordane tingrett i mars. Aktor Sigurd Åsnes Granli seier det er ei alvorleg sak. Det er over tre år sidan saka først blei rulla opp. – Vi beklagar at det har tatt så lang tid, seier han. Om mannen blir dømt, kan straffa bli lågare på grunn av den lange tidsbruken, seier han.