Hopp til innhold

Tilsette må byggje takrenner på kontoret sitt

BERGEN SENTRUM (NRK): Fylket sitt bygg er i elendig forfatning. No må det pussast opp for over ein halv milliard kroner.

Pål Kleive har måtta vore kreativ for å halda kontoret tørt.

KREATIV: Pål Kleive har laga ein slags takrennekonstruksjon for å kunna hanskast med bergensvêret som trengjer seg inn i høgblokka.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Dersom det blæs hardt på denne sida av bygget og det regnar mykje, då er det vått på golvet når eg kjem på kontoret, seier Pål Kleive.

Han har kontor i fjortande høgda i fylkesbygget i Bergen. Det er der Hordaland fylkeskommune held til.

For å unngå våte golv, har han laga ein takrennekonstruksjon. Denne sender vatnet frå vindaugskarmen og ned i ei bøtte.

Torer ikkje venta med rehabilitering

No vil fylkeskommunen bruka opp mot 600 millionar på å rusta opp den 14 etasjar høge kontorblokka som ligg rett overfor Bystasjonen i Bergen. Fylkesrådmannen vågar rett og slett ikkje å venta lenger.

– Hordaland fylkeskommune sit i eit gamalt bygg som rett og slett er utgått på dato. Det lek inn gjennom og rundt vindaugo, me har lekkasjar inn i fasaden og bygget er ikkje tett, verken for vind eller vatn, seier fylkesrådmannen.

Fylkesrådmann Rune Haugsdal i ein av del lange gangane på fylkesbygget i Bergen

FYLKESRÅDMANN: Rune Haugsdal står i ein av del svært mange, lange gangane i lokala til Hordaland fylkeskommune i Bergen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Kjem dei ikkje i gang med jobben no, er han redd at dei får sopp i veggene. Det vil gjera arbeidsmiljøet uakseptabelt.

Vil spara pengar på å pussa opp bygget

Sjølv om rehabiliteringa av bygget vil kosta, reknar fylkeskommunen med at prosjektet skal svara seg økonomisk. I dag leiger fylkeskommunen lokale to andre kontorbygg for å få plass til heile administrasjonen. Når fylkesbygget er rehabilitert, vil alle få plass under eitt tak.

Bygget til Hordaland fylkeskommune vart bygd i 1972

VERT FORNYA: Slik ser bygget til Hordaland fylkeskommune ut ein vinterdag i februar 2018. Bygget vart reist i 1972, og er i dårleg stand.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Og me vil spara mykje pengar på å gjera dette, seier Haugsdal.

Han fortel at fylkeskommunen no nyttar mykje meir areal enn dei har bruk for på kvar tilsett.

Utrekningar syner også at dei kan spara inn 80 prosent av energibruken på kvar kontorplass om dei rehabiliterer huset, og reguleringsplanane til kommunen opnar for at dei kan byggja på fylkeshuset slik at dei kan leiga ut kontorlokale.

Etter planen skal dei tilsette flytta ut av bygget rundt årsskiftet 2019–2020.