Hopp til innhold

Tilsette ber direktør og styreleiar på Kode om å gå av

Fleirtalet av Kode sine medlemmer i Delta og Forskerforbundet har sendt ut eit utsegn til media tysdag ifølge Bergens Tidende.

Dei ber styreleiar for museet Anne-Grete Strøm-Erichsen og direktør Petter Snare om å gå av, og viser til «to varsla kriser, knytte til økonomi og arbeidsmiljø».

Dei seier vidare at dei ikkje har tillit til at direktøren eller styreleiaren vil klare å løyse desse.