Hopp til innhold

Tilsett ved bergensskule hengt ut i falsk sexvideo – politiet har starta etterforsking

Rektor trur ho veit kven som står bak. Den tilsette har meld saka til politiet. Politiet har ingen mistenkte.

Skjermdump frå Tiktok

SKJERMDUMP: Biletet viser slutten av Snapchat-videoen delt på TikTok. Andre delar av videoen viser ei seksuell handling. NRK har sladda opplysningar som kan identifisere personar.

Foto: Skjermdump frå TikTok

Ein falsk sexvideo er blitt spreidd på sosiale medium som Snapchat og TikTok.

I den korte videoen blir ein tilsett ved ein bergensskule identifisert med namn og bilde, og det blir hevda at vedkomande blir avslørt i å ha sex med ein mindreårig.

– Vi har fått rulla opp at det er manipulerte greier og ikkje har rot i verkelegheita, opplyser rektoren til NRK.

Ho seier at det truleg er ein elev ved deira ungdomsskule som har lagt ut klippet, og at det er blitt delt vidare.

– Det er eit veldig grovt overtramp, omsynslaust og stygt.

– Stygt gjort

Tysdag morgon bekreftar jourhavande jurist til NRK at det er levert politimelding på saka.

– Den vart levert av fornærma like før klokka 23.00 måndag kveld, seier Ole Vallestad Emmerhoff i Vest politidistrikt.

Rektor ved skulen seier til NRK tysdag at det etter forholda går bra med den tilsette som er fornærma i saka.

- Ho er sjølvsagt rysta. Det er også ein ekstra byrde at det ringer mange unge personar frå heile landet og latar som dei er journalistar som skal gjere intervju, seier ho.

I tillegg til stor deling på Snapchat, låg videoen ei stund på TikTok og fekk rundt 750 likes før den ikkje var tilgjengeleg lenger.

Originalvideoen kjem frå USA og har truleg vore på internett i fleire år, ifølgje BA.

Denne er så redigert og det er lagt på tekst og ein skjermdump av den tilsette si Facebookside som identifiserer ho.

– Ungdomsmiljø har ikkje grenser når det kjem til det digitale. Eg synest det er kjempestygt og veldig skremmande at folk gjer så fæle ting mot andre, seier rektoren.

Har ingen mistenkte

Politiet har no oppretta undersøkingssak. Dei har tatt beslag i videoen som vart spreidd på TikTok og skal undersøka den.

Politistasjonssjef Ronny Andre Øvrebotten Han forsikrar at politiet ser alvorleg på saka, men at dei er i ein startfase.

– At videoen er delt i sosiale medium er belastande for dei involverte. Vi veit ikkje kor mange som har teke imot og delt videoen vidare, men vi reknar med det er omfattande, seier Øvrebotten.

Ikkje høyrd om liknande på TikTok

Rektor understrekar at dette er ei heilt uvanleg sak for dei, og at elevane ikkje pleier å gjere slike ting.

Heller ikkje Barnevakten har høyrd om tilsvarande mobbesaker på TikTok, berre på anonyme appar som Yolo, opplyser dagleg leiar Leif Gunnar Vestbøstad Vik.

– Med ein gong ein kan vere anonym eller skjule seg bak profilar som er vanskelege å spore, blir det lettare å spreie slike bodskapar, særleg nedover i ungdomsskulen der elevar ikkje skjønar rekkevidda av kva konsekvensar dette får, seier Vestbøstad Vik.

Han seier det er viktig å finne raskt ut kven som står bak, slik at videoane blir tekne ned før dei blir spreia til veldig mange.

– Spreiinga blir fort vanskeleg å kontrollere. Jo lenger tid det tek, jo større skade gjer det ovanfor tilsette og medelevar og dei som lagar ting som krenker og sårar andre, seier Vestbøstad Vik.

Han seier at truslar og mobbing på internett og i appar går opp og ned, og januar og februar kan han ein topp sidan mange elevar sit meir på skjermar då.

– Det avheng av kva somme elevar synest er kult til ei kvar tid, og så får ein eit fenomen på skulen, nett som med jojoane vi alle hadde på skulen ei tid då eg var liten. Så gjekk det nokre månader og så var det ikkje gøy lenger.

– Trur det er mindre farleg å dele noko andre har laga

Rektor seier ho har fått tips av elevar om kven den aktuelle gjerningspersonen er, og skal sjekke det nærmare opp tysdag.

Ho meiner hendinga viser at jobben med å lære elevane nettvett og respekt for andre menneske aldri blir ferdig, meiner rektoren.

– Det er noko vi må halde på med kvar dag. Dette er tema vi har oppe jamleg. Elevane lever så store delar av liva sine digitalt, og særleg i koronatida.

Ho trur dei fleste elevane er fullt klar over kor grensene går.

– Men så trur ein at det er mindre farleg å dele noko andre har laga, og det er det jo ikkje.

NRK har vore i kontakt med den tilsette, som ikkje ønskjer å kommentere saka.