Hopp til innhold

Tilrår lågare vogntog på vegane

Det bør bli forbode å køyre vogntog som er høgare enn 4, 2 meter. Det meiner vegdirektoratet, sjølv om dette vil koste samfunnet 154 millionar kroner årleg.

Video Vil forby høge vogntog

SJÅ TV-REPORTASJE: Slike vogntog kan bli forbodne.

I dag er det ingen grense på kor høge vogntog kan vere, men no skal samferdselsdepartementet handsame forslag til nytt regelverk.

Morten Sandberg i Hovudorganisasjonen for handel og tenester, HSH, meiner dette er altfor mykje pengar å bruke på noko som er heilt unødvendig.

– Det er unødvendig fordi det knapt har nokon verknad på trafikktryggleiken. Det er også undøvendig fordi det ikkje er dokumentert noko om Vegvesenet sine behov for tunnelarbeid. For dei det råkar vil det vere dyrt.

Ville følgje EU-regelverk

For lastebilane som i dag køyrer på norske vegar,.finns det ingen begrensingar på kor høge dei kan vere. Men det kan det snart bli.

Hausten 2009 sende vegdirektoratet ut eit forslag om høgdeavgrensing på norske køyretøy, mellom anna for å betre tryggleiken på vegane. Jon Molnes i Vegdirektoratet seier at tilrådinga no er klar.

– Vegdirektorartet har forslått at det skal innførast høgdebegrensing på 4,2 meter. I EU er regelverket fire meter for grensekryssande transport. Eit av utgangspunkta for høyringane då dei blei lagt ut, var forslaget om å harmonisere regelverket med EU.

Skuldar på vegvesenet

Handels- og transportnæringa meinte det opphavlege forslaget om 4 meter makshøgde var altfor lågt. Men trass i at direktoratet har kome dei 20 cm i møte, er handelsnæringa framleis ikkje nøgd.

– For våre medlemmer, særleg i daglegvarehandelen, vil kravet gjere det kostbart og vanskeleg å tilpasse køyretøyparken til lager og logistikksystem, seier Sandberg i HSH.

Han meiner det er vegvesenet som har fått diktere korleis bilparken skal sjå ut, for å redusere sine eigne kostnader.

– Vi tenkjer at vegvesenet pressar dette gjennom for å redusere sine eigne utfordringar til vedlikehald og utbetring av tunnelar og underganger.