Hopp til innhold

68 tunnelar for låge

Halvparten av tunnelane i Sogn og Fjordane er lågare enn Statens Vegvesen sine eigne krav.

Tunnel

Tunnelane på Strynefjellet er mellom dei 68 som er for låge.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Lastebilnæringa fortvilar og krev at dei låge tunnelane vert utbetra til å innfri krava om fri høgde på fire og ein halv meter.

Krev pengar

Jan-Ove Halsøy i Norges Lastebileierforbund krev handling.

- Det må pengar på bana slik at vi får oppgradert alle tunnelane som ikkje innfrir minimumskravet på 4,5 meter.

- Fortvilande

I Sogn og Fjordane har 68 tunnelar ei høgde på fire meter eller lågare. Grovt rekna er dette halvparten av tunnelane i fylket. Halsøy seier det er fortvilande for sjåførane å stadig bryte lova.

- Reglane er krystallklare. Køyrer vi mot forbodsskilt bryt vi reglane og kan bli bøtelagde for det.

Kan ikkje love storsatsing

Sjefingeniør Johannes Reinen i Statens Vegvesen kan ikkje love noka storsatsing på utviding av tunnelar.

- Vi tek litt etter kvart, men vi har ikkje konkrete planar om ei stor oppjustering av desse tunnelane.

- Ei politisak

Reinen meiner at dei lovbrota som skjer ikkje er Statens Vegvesen si sak.

- Det er ikkje vi som skal reagere på at nokon køyrer ulovleg, det er ei politisak. Vi tilbyr eit vegnett med dei tunnelane som er, om dei er gode eller dårlege, så er det opp til politiet å fylgje opp om det er brot på lova.

Varslar reaksjonar

Politiet i Stryn har ikkje vore kjent med at lastebilar dagleg køyrer mot firemeters-skiltinga i Strynefjellstunnelane.

Lensmann Inger-Lill Lanes i Stryn, varslar no reaksjonar.

- Vi må til med trafikkontrollar og stikkprøver.