Det seier vaktleiar Espen Rysjedal ved Alarmsentralen i Florø.
Brannen vart oppdaga av tilfeldig forbipasserande i 23-tida. Huset ligg ved fylkesveg 302, Fardalsvegen, som går over til Turtagrø.
– Huset var fråflytta og difor valde brannvesenet å ta ei kontrollert nedbrenning då det allereie var overtent og ikkje noko å gjere. Det ligg litt oppe i dalen og vi hadde ikkje tilgang til mykje vatn. Vi hadde kring 10.000 liter vatn og brukte det på å skjerme låven på garden, fortel Rysjedal.
Brannvesenet reiste frå staden i 0430-tida.
Ifølgje politiet var ikkje huset møblert. Huseigar skal vere varsla om brannen.
Operasjonsleiar Frode Kolltveit ved Vest politidistrikt seier at lokalt politi har oppretta sak og vil etterforske brannen utover dagen. Det er for tidleg å seie noko om brannårsaka.
Det skal ha vore straumtilførsel til huset.