Til sjukehus etter arbeidsulykke

Ein mann er send til Haukeland sjukehus etter å ha fått eit tungt skap over beina. Ulykka skjedde på Sandbrekketoppen på Midtun onsdag morgon. Skapet er ifølgje politiet 330 kilo, og velta då det skulle flyttast inn i ein lastebil.